Treungen Idrettslag har rundt 300 medlemmar, dei fleste er aktive.
Vi har mange ulike idrettar og aktivitetar, i fleirbrukshuset, på idrettsbanen, i ski- og turløyper og andre stader. Alle nye deltakarar er alltid velkomne. Mange stiller opp på dugnadsarbeid - både for eiga helse og for ungane. Velkomen til Treungen IL!
Kontakt, tilbod
Sjå Treungen IL-filmen HER E-post/ melding til Treungen IL: melding@inissedal.no, eller innboks på Treungen IL sin Facebookside. Telefon styreleiar: 9717 7014. Vi set STOR pris på alle aktivitetar og alt av dugnadsarbeid - det fører til idrettsglede og folkehelse i bygda vår! Treungen Idrettslag har om lag 25 ulike aktivitetsgrupper med smått og stort. Lenger ned ser du kontaktinfo til styret og alle gruppeleiarane. Er det noko du lurar på, så ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er glade for nye medlemmar, uansett form og erfaring! Treningstider: KLIKK HER

[LES MEIR]


Medlemskap og treningsavgifter
Alle medlemmar, både små og store, skal no registrere namn, fødselsdato, telefon og e-postadresse - og dersom ikkje din gruppeleiar/ trenar/ instruktør har fått dette, så ta kontakt, eller, dersom du ikkje er med på ei gruppe, så gje detaljane til Jørgen Grundt, tlf 98498325, eller helst e-post, grujor@icloud.com . Alle skal neste gong dei skal betale, prøve å registrere brukar i MinIdrett, og registrere seg som medlem der, dersom Jørgen ikkje har gjort det. HER ER BETALINGSINFO OG PRISAR:

[LES MEIR]


12-timars 2016
(English below) Vel møtt til Treungen, og landets einaste 12-timars bakkeløp, 18. juni 2016. Arrangementet er enkelt, basert på sjølv-service, og er natur-spektakulært, utfordrande og sosialt. PÅMELDING HER Omtale og resultat 12-timars 2015 på Kondis HER I fjor klarte dei beste damene seks, og herrene ni runder opp og ned i Skuggenatten, Treungens vakre fjell og populære motbakkeløype. Sjå vår INFOFILM FRÅ I FJOR Løpets Facebookside med mange foto HER Sjå kven som er påmeldt HER

[LES MEIR]


Nissedalsmarken 6. august 2016
Til publikum og utstillarar - Nissedalsmarken 6. august Familie-arrangement med salsboder, auksjon, spennande tilbod, og underhaldning for små og store. Kl 10 – 17 i Tveitsund/ Treungen sentrum. Vel møtt! Vil du ha utstillarplass:

[LES MEIR]


Elektronisk medlemsregister
TIL ALLE MEDLEMMAR. Elektronisk medlemsregister kjem no.

[LES MEIR]


Vandelsattest/ politiattest
Det er no forsterka krav om vandelsattest. Alle som arbeider med mindreårige i idretslaget - også friviljuge - må ha vandelsattest. Det er fort gjort, men må gjerast snarast. Du må kunne framvise vandelsattest ved spørsmål om det, og det vil bli tatt ein sjekk i løpet av haust/ vinter 15-16.

[LES MEIR]


PÅMELDING spinning sept-des 2016:
Velkommen til spinning hausten 2016! Både "gamle" og nye spinnarar er hjarteleg velkomne. Gratis prøvetime med god instruksjon.

[LES MEIR]


Info om Nisserstien
(Heilt nederst i saka får du også fakta om Nisser - Telemarks største innsjø) Nisserstien går langs vår vakre «fjord» mellom Steinufsbukta i Tveitsund, og Lia. Seks kilometer er ganske langt i terreng. Men det er ein av fordelane med Nisserstien, at den ligg i nærområdet, med tilstøtande vegar og stiar nesten overalt. Dermed kan du gå den delen som passar deg.

[LES MEIR]


Nisserstien er ferdig
Terrengløpet og kulturprosjektet Telemarks Tøffaste er pådrivar for fleire mil med gode stiar. Nisserstien er eitt av fleire stiprosjekt. Resultatet er blitt veldig bra.

[LES MEIR]


TelemarksTøffaste 2016
Gå til løpets nettside, klikk på www.telemarkstoffaste.no

[LES MEIR]


Grasrotandel til Treungen IL
Vi ber deg som tippar om å registrer din grasrotandel til Treungen IL. Mykje pengar å hente for idrettslaget. Pråv å hugse det neste gang du står og skal levere kupongane. På fårehand tusen takk!

[LES MEIR]


Jubileumsboka i salg
Jubileumsboka Treungen IL 1906 - 2006 er til sals på Best, Byggern, Prix og Spar. Innhald:

[LES MEIR]


Æresprisen til Margit Johansen
Styret var i liten tvil denne gonga, etter at Margit, som har vore med sidan 1976 (og starta opp att laget) la ned ein så enorm innsats slik at idrettslaget fekk si eiga jubileumsbok. Grunngjevinga for prisen, som er namnet på vandreskjold, diplom og gåvekort på 1000,- kroner på MX Sport Treungen:

[LES MEIR]


Trimboksing - info
Trimboksing er moro, utfordrande og variert, og alt går i ditt eige tempo. Trimboksinga, som går føre seg på onsdagar kl 18.30 til 20.00, ynskjer fleire deltakarar. NB: Nybegynnarar heilt utan erfaring og trening er også velkomne! Det er heilt fint å kome inn som ny når som helst i løpet av året!

[LES MEIR]


Reportasje om treningsrevolusjonen
Telemarksavisa har skrive om Treungen IL si gode utvikling i det siste. Reportasjen kan du lese HER

[LES MEIR]


Målprisen til Treungen IL
På Nissedal Mållag sin kveld fekk Treungen Idrettslag årets Målblome, for framifrå bruk av nynorsk dei siste åra. Vi seier tusen takk, det er ei stor åre, og lovar å halde fram med språkbruk på god nynorsk, gjerne med innslag av Treungendialekt, i våre kanalar.

[LES MEIR]


Eldsjelprisen til Hølje Haugsjå
Det var ein overraska Hålje Haugsjå som mottok Eldsjelprisen 2015 på idrettslagets årsmåte. Han meinte det var litt tidleg - men styret var sikker i si sak. Grunngjevinga:

[LES MEIR]


Årsmeldinga for året 2014
Vedtatt på årsmåtet 13. februar 2015.

[LES MEIR]


Vil du vere med og bidra?
Foreldre? Ungdom? Pensjonistar? Kven som helst: Vi treng folk til Nissedalsmarken fårste helga i august. Dette arrangementet kan skaffe idrettslaget mykje inntekter i låpet av ein dag, og dermed slepp vi unna mykje anna dugnad og slikt elles i året! Jo fleire folk, jo betre, og jo fleire, jo mindre arbeid! Er vi nok folk, held det som regel med eit par timars vakt.

[LES MEIR]


NM i motbakkeløp/ Skuggenatten Opp
Gå til arrangementets heimeside HER

[LES MEIR]


Kva skjer?

Bjørn og Tone Margit synast det er bare moro med dugnad, ser det ut til  :o)