Klubbhuset til Treungen IL er eit fint utgangspunkt for ein skitur rundt banen, langs lina og rundt i lysløypa. Fint med nykøyrde skispor! Greit å varme seg ved bålet mellom øktene! Arne Roar og Olav tok tre-fire runder rundt heile løypa denne kvelden
 

Kva skjer?

Skitrenar Arne Roar inviterte til smørekurs og skipratpå klubbhuset. Med info om smøring, og spesielt om type ski med rett spenn, og med kakao og mandariner, blei det ein hyggeleg kveld!