Trenissen 4H ved leiar Unni Britt Hansen og Treungen IL ved leiar Helge Reinholt takkar kvarandre for samarbeid og vellukka prosjekt om felles gapahuk. Her på slutten av dugnadsdagen der veggane blei snekra og området rydda ein del. Hovudkonstruksjonen er her ferdig. Eit svært vanskeleg og tidkrevjande arbeid, der snekkar Andreas van Tunen løyste utfordringane på ein ypparleg måte. Denne vil stå i 500 år! Stokkane er festa til fjell ved hjelp av stolpesko, slik at det ikkje er kontakt, og stokkane ikkje rotnar.
Her er dugnaden i gang. Bakerst høgg Helge ved, og Kai Halvor og Asle tar vekk mosen frå fjellet.
Snekkar Andreas van Tunen (til høgre), blei leigd til å bore fundament, sette opp konstruksjon i solid bindingsverk, og leggje tak. Men han har gjort mange, mange dugnadstimar også!
 

Kva skjer?

Litt kaldt, men kjekt med varme frå bålet og tilgang på varme rom i klubbhuset!

Her er semifinalistane frå Tørdal