Skitrenar Arne Roar inviterte til smørekurs og skipratpå klubbhuset. Med info om smøring, og spesielt om type ski med rett spenn, og med kakao og mandariner, blei det ein hyggeleg kveld! Papirtesten er viktig. Når du står på skia på flatt golv skal papiret kunne førast under skia rett under sona for festesmøring  - frå ca hælen og fram til eit stykke foran tåa. Dette er VIKTIG når du kjøper ski!
Viktig å rense skia og fjerne gamal smøring. Smelt på glider på glisonene framme og bak. Legg grunning i midten, "kald" smøring underst (f.eks grønn), og gjerne anten base underst eller rubbing, og deretter passe festevoks.
Alle fekk høve til å preparere skia, og deretter ta ein tur på dei nypreparerte løypene rundt idrettsanlegget. Vi hadde fyr i bålpanna, men det var litt for kaldt til å site der. Men her er gutane ute og prøver nypreppa ski  - mykje betre!
Anna var også nøgd med riktig preppa ski.  

Kva skjer?