Over 3000 på fjelltoppane i Treungen

Frå sommaren 2010 til no har det kome 3.100 namn på dei 14 fjelltoppane som turgruppa i idrettslaget har bøker på. Skuggenatten har ikkje overraskande flest, faktisk over tusen.
Her er vinnarlista!

Styret i Treungen Idrettslag er svært glad for at så mange går til topps, og er klar over kor viktig dette er for folkehelsa. Treungen IL vil framover arbeide for endå betre informasjon rundt kvar enkelt fjelltopp, slik at endå fleire kan kome seg opp. Treungen IL ønskjer også nærmare samarbeid med grunneigarane slik at nokre stiane kan merkast betre - av omsyn til sikkerheiten til dei som går.

Treungen IL - toppturpremiar 2010/2011

Hjasus: Elke Andersen, Treungen
Kronfjell: Geir Sissener, Arendal
Skulhom/ Ervedalsfjell: Daniel Tveit, Treungen
Skuggenatten: Tove Strand Nordhus, Porsgrunn
Alambergknatten: Anne Margrethe Holte, Treungen
Lislehei: Øyvind Sønderland, Treungen
Haugsjånipen: Magne Haugsjå, Treungen
Furenusteren: Sverre Lavrantsen, Treungen
Langfjell: Mariann Espeland, Kyrksæterøra
Hågfjell: Jørgen Solberg, Treungen
Røyråsen: Hilde Nore, Treungen
Gjerulvsknatten: Ida og Gunnhild Reinholt, Treungen
Nesheia: Asbjørn Heimdal
Tveitåsen: Pavel Wozniack, Klobuck i Polen

Alle desse har vunne eit gåvekort på MX Sport i Treungen til verdi av Kr. 200,-. Premiane er sendt i posten. Så er det bare å halde fram med toppturane. Hugs å skrive namnet i bøkene!
Takk til turgruppa, v/ leiar Unni-Britt Hansen, og spesiell takk til Oddvar Olsen for alle toppturane med bøker. Fantastisk innsats!

Kva skjer?

Vardens reportasje etter løpet