Idrettslag/ kommunen - planar for idrett

Styreleiar Helge har vore på ein svært interessant og lærerik konferanse i Langesund. Her er eit referat:
Anleggskonferanse i Langesund 11.-12. november 2011

Tilstades frå Nissedal: Helge Reinholt, Treungen IL

Sentrale poeng og notat - aktuelle for Nissedal kommune og Treungen IL m.fl:

”Grunnverdiane for all idrettstenking er eigenverdien og gleda ved idrett, folkehelse og ein bustad det er godt og aktivt å bu i.”

Statleg anleggspolitikk - Idrettsavdelinga i Kulturdepartementet, v/ Ole Fredriksen:
• Bare 5 av 18 kommuner var representert, noko som blei påpeika som skuffande.
• Kommunane er ansvarleg for å følge opp idrettsanlegga. Noregs Idrettsforbund og Telemark Idrettskretts ønskjer å sette fokus på dette.
• Det viktigaste verktøyet i utvikling av idrettsanlegg er kommunen sine planar.
• Klart prioriterte målgrupper: Barn og ungdom, 0-6 år og 13-19 år.
• 28 millionar er fordelt til Telemark til ordinære anlegg og nærmiljøopplegg for 2011.
• Departementet er opptatt av universell utforming og estetikk.

NIFs målsettingar - v/ NIFs visepresident Jorodd Asphjell:

• Ordninga med LAM-middel skal halde fram, det er det brei politisk semje om.
• Det offentlege skal anerkjenne verdien av frivillig arbeid og støtte rammebetingelsane for dette.
• Det offentlege skal ta ansvar for at alle får tilgang til idrettsanlegg uavhengig kvar folk bur, ved god planlegging, samarbeid, heilårs bruk og gratis tilgang til offentlege anlegg for barne- og ungdomsaktivitetar.
• Norsk idrett bør få større påverknad i anleggspolitikken, ved at bl.a idrettsråda sikrar areal for framtidige utbyggingar. Her må ein vere på vakt i lokalpolitikken.
• Ein ser gjerne interkommunale, felles anlegg

Anleggssituasjonen i fylka, strategisk oppfølging – v/ NIFs administrasjon, Torstein Busland

• Lokale anlegg manglar ofte rettleiarar og gode system for erfaringsoverføring.
• Sikre areal til idrettsanlegg i kommuneplanen
• Kommunen må utarbeid behovsanalyser og langsiktige prioriteringar i forhold til kommunens idrettsplan.
• Vilkår for tildeling av spelemiddel er at kommunen har ein kommunedelplan for idrettsanlegg.
• Vi må fastsette langsiktige mål og arbeide for å nå dei over tid.
• Idretten skal innta ein aktiv rolle i politisk planlegging
Strategiplan for idrett og friluftsliv, Fylkeskultursjef Geir Nordtveit
• Mål om tilrettelegging av auka kvardagsaktivitet
• Nærmiljøanlegg har stort fokus
• Ein ønskjer seg forutsigbare rammevilkår for frivillige organisasjonar



Telemark Utviklingsfond, ved G. Nordtveit/ Terje Bakka, Tfk

• Mål: Midlar til folkeutvikling
• Midlar frå overskot av konsesjonskraft frå åtte kommunar i Telemark, bl.a Nissedal.
• 37 millionar i overskot som ikkje er bunden opp kvart år, tilgjengeleg for søknader.
• Skal særleg rettast mot utviklingstiltak i næringssvake kommunar og/ eller med folketalsnedgang.
• Søknadar med langsiktige planar blir truleg prioritert.
• Dette fondet kan vere den einaste offentlege deltakar i eit prosjekt.
• TUF setter av 1 million i året til tiltak for idrett, friluftsliv, jakt og fiske.

Virkemiddel for å forbetre anleggssituasjonen i fylket, v/ TIKs anleggutval Ole Bjørn Steinmoen:

• Anlegg er verkemiddel for aktivitet
• Ikkje all aktivitet treng anlegg, men utstyr
• Sjå på sammenhengen med andre planar i kommunen.
• Fylkeskommunen vil vektlegge følgjande anlegg ved handsaming av søknadar:
-Interkommunale anlegg
-Anlegg m regional status
-Turvegar, turløyper og turstiar
-Anlegg retta mot uorganiser t aktivitet for ungdom
-Anlegg som har høg kommunal prioritet

• Fylkeskommunen ønskjer sterkare involvering av idrettsråda ved utarbeiding av dei kommunale delplanar for idrett og fysisk aktivitet
• Fylkeskommunen vil arbeide for at barn og ungdom kan bruke offentlege idrettsanlegg gratis

Anleggsutvikling - ein komplisert prosess med mange aktørar, v/ Kalle Glomsaker, Friidrettsforbundet

• Alle aktørar må stå samla
• Mange planar heng meir saman enn mange trur.
• Lettare å få til ting dersom ein set klare, felles mål, med framdriftsplan.
• Jo meir vi kan fylle anlegg med folk, jo meir folkehelse driv vi med.
• Anlegg og idrettsplanar stimulerer til auka fysisk aktivitet. Dette seier seg sjølv, men må bli setti system.

Det var også eit foredrag frå Noregs Gymnastikk- og Turnforbund, med vekt på at fleirbrukshallar ofte ikkje stimulerer til variert motorisk trening og utvikling for små born. Men dersom ein har mykje godt utstyr, og kan fylle hallen med dette, vil barneidrett gå av seg sjølv, med frileik og mange ulike friviljuge øvingar.

Konklusjon: Idrettslag, Idrettsråd, kommunalt tilsette og sentrale politikarar må ha møter, også uformelle. Idrett må tidleg inn i utarbeiding av kommuneplanar. Representar for idrett og friviljuge organisasjonar skal inviterast til utarbeiding av kommunale budsjett. Kommunen må i større grad ta ansvaret for vedlikehald av anlegg, og lage planar for framtidige anlegg og areal for idrett.

Kva skjer?