|
|
Spennande innebandycup 2011Åtte lag, to tørdalslag i semifinalane, men det var treungar og nissedølar i finalen i Nissedalsmeisterskapen 2011, som gjekk av stabelen i Fleirbrukshallen tredje joledag.(Biletet: Kim Rune Lomheim og toppskårar Gunnar G. Tveit i duell under innebandyfinalen.) Sjå fleire bilete nederst i saka, og sjå endå fleire bilete i galleriet! Vinnarlaget i innebandycup nr 2 i Nissedal blei Gunnar G. Tveit, Olav G. Tveit, Inge Egil Hauge og Helge Reinholt, som i finalen slo Jan Inge Rygh, Jan Aage Nordbø, Kim Rune Lomheim og Alexander Aase 5-2. Ein jury kåra Gunnar G. Tveit til turneringas beste og viktigaste spelar. Han blei også suveren toppskårar med 15 mål på 5 kampar! Arne Roar Rygh gjorde ein flott jobb som dommar, og bidro til at spelet var fint og ingen blei skadd. Asgeir Solberg, som var på vinnarlaget i fjor og var bestemann, kunne ikkje spele pga sjukdom, og var ein stødig turneringsleiar og sekretariat. Med 30 spelarar og om lag 20 publikummarar var det folksamt på sidelinja under dei 16 kampane. Fleire av kampane var svært tette og spennande, spesielt den eine semifinalen, der Gunnar G. Tveit utlikna i aller siste sekund, og der tørdølane hadde fleire sjansar til å vinne straffeslagtevlinga, som måtte ha ein ekstra runde for å skilje laga (Lag 1 og lag 8). Etter turneringa var det premieutdeling på Gjestgiveriet, og alle var motiverte for ein ny turnering neste romjol. Her er laga, og korleis alle kampane gjekk: Lag nr 1: Gunnar G. Tveit, Olav G. Tveit, Inge Egil Hauge, Helge Reinholt. Lag nr 2: Jan Inge Rygh, Jan Aage Nordbø, Kim Rune Lomheim, Alexander Aase. Lag nr 3: Marius Lauvland, Egil B. Tveit, Thov Sanden, Rune Sanden. Lag nr 4: Jostein, Sigbjørn og Magnus Solberg, Bjørnar Løvrak. Lag nr 5: Vegard, Bård og Asbjørn Sundsli, Ole Ivar Fintland. Lag nr 6: John Thronsen, Jon Olav Nordbø, Jan Erik Hogsrud, Inge Evja. Lag nr 7: Frå Tørdal - Kai Tore, Andre og Håvard Austad (pluss John Thronsen i semifinalen) Lag nr 8: Frå Tørdal - Asbjørn Holm, Roger Nilsen, Karl Gunnar Bø (pluss Jostein Solberg i semifinalen) Pulje 1 kampoppsett Pulje 2 kampoppsett Lag ..resultat ………........ .Lag ..resultat 1 mot 3: 9-0 ..............2 mot 4: 2-0 5 mot 7: 2-4 ……........ ...6 mot 8: 2-3 1 mot 5: 5-1 ..............2 mot 6: 6-0 3 mot 7: 0-3 ..............4 mot 8: 0-2 1 mot 7: 4-0 ..............2 mot 8: 3-1 3 mot 5: 5-3 ..............4 mot 6: 2-1 Tabell pulje 1 etter innleiande runder : .......Målforskj. Seire Uavgjort Tap... Poeng Lag 1 ... 18-4 .... 3 .... 0 .... 0 ….... 6 Lag 7 .... 7-7 .....2 .... 0 .... 1 ….... 4 Lag 3 .... 8-15 ... 1 .... 0 .... 2 ….... 2 Lag 5 .... 6-14 ....0 .... 0 .....3 ….... 0 Tabell pulje 2 etter innleiande runder: ....... Målforskj. Seire Uavgjort Tap.. Poeng Lag 2 ... 11-1 .... 3 .... 0 .... 0 ….... 6 Lag 8 .... 6-5 .....2 .... 0 .... 1 ….... 4 Lag 4 .... 2-5 .....1 .... 0 .... 2 ......2 Lag 6 .... 3-11.....0 .... 0 .... 3 ….....0 Semifinale 1: Lag 1 mot lag 8: 2-2 etter ordinær tid og forlenga tid, 3-2 etter straffer Semifinale 2: Lag 2 mot lag 7: 5-2 Bronsefinale: Lag 8 mot lag 7: 7-2 Finale: Lag 1 mot lag 2: 5-2
|
Kva skjer?01/06-2013:Skuggenatten Opp 2013 03/08-2013: Nissedalsmarken 2013 for små og store 07/09-2013: Telemarks Tøffaste - meir enn ultraløp! 07/09-2013: Telemarks Tøffaste Turklasse!
|
||||||||||