Auka medlemstal og auka aktivitet i 2011

Treungen IL fekk fleire betalande medlemmar i 2011, og auken i aktivitet heldt fram. 589 personeiningar dreiv med aktiv idrett! Arbeidet for betre folkehelse og trivsel i idrett og friluftsliv går rette vegen - her er nøkkeltala fordelt på dei ulike gruppene:
Treungen IL 2011 - nøkkeltal aktivitet

*304 medlemmar (registrerte betalande,og telte medlemmer pr familie)

*Spinning: 9 grupper, totalt 122 deltakarar - 89 damer og 33 menn (nokon er på to grupper)

*Zumba: 50 deltakarar

*Corebar: 85 deltakarar

*Volleyball: 23 vaksne og 15 ungdommar

*Trimboksing: 16 deltakarar 5-19 år, 15 vaksne

*Innebandy: 22 vaksne, 12 ungdomar

*Skigruppa: Ca 79 deltakarar (vaksne og barn)

*Barneidrett: 49 deltakarar

*Fotball oldboys: 20 vaksne

*Fotball barn: 46 deltakarar

*Friidrett/ Skuggenatten Opp: 27 aktive pluss 155 turdeltakarar

*Turgruppa: Ca 30 deltakarar

*Sykkel: Ca 20 som trenar aktivt. (Eiga sykkelgruppe er etablert no i det siste)

*Namn i bøkene på dei 14 fjelltoppane: Ca 3100 stk. (mange har vore på toppane fleire gonger)

*(Nokre av gruppene er ca-tal som er vanskeleg å telje, som t.d. turgruppa og ski)

*Sum: 589 aktive personeiningar fordelt på 27 grupper over 11 ulike idrettar, pluss alle turgåarane i skog og hei.

FANTASTISK!

Kva skjer?

Vi lagar hol i vollen slik at det er raskare veg ut til den gamle toglina  - i alle fall til ski, sykkel og Folkestien.