Årsmelding Treungen IL for 2011

Her er årsmeldinga til styret i Treungen IL for 2011.
Styrets årsmelding 2011, Treungen Idrettslag

Det har vore endå eit godt år for idrettslaget, med fleire nye medlemmar og nye aktivitetar. Talet på betalande medlemmar er no over 300.

Aktivitetar i 2011: Fotball, fire lag, ski, spinning, turgruppe, Skuggenatten Opp, volleyball, innebandy, corebar, barneidrett, trimboksing, Nissedalsmarken. I tillegg samarbeid med 4H om gapahuk, og med Trygge Nissedal og kommunen om folkesti, og arbeid med planar for utbetring av idrettsanlegget/ klubbhus. På tampen av året blei det også etabler ei sykkelgruppe.

Styret har hatt 7 møte i løpet av året. Styremedlemmer har totalt i løpet av året vore 9 personar, Unni Løken, kasserar, Susanne Halland, Unni Britt Hansen, Mona Mevik, nestleiar, Øystein Leirvik, Olav Nilsen, Olav G. Tveit, Even Holskar, Helge Reinholt, leiar og skrivar.

Fotball: Det har vore fire lag i aksjon i år, med om lag 50 spelarar, deriblant eit jentelag for fyrste gong på mange år. Det har vore mange gode resultat og fleire av laga har gjort det bra. Mange trenarar har lagt ned svært mykje verdifull innsats i trening og tilrettelegging, og skal ha stor takk for det, og føresette har hjelpt til med køyring, draktvask og kiosk under kampane. Vi arrangerte ein svært vellukka landskamptur på Ullevål til Noreg – Danmark EM-kvalikkampen, der om lag 50 stk var med. Gutelaget var ballgutar for Odd Grenland ein gong, og fleire deltok på fotballskule i Vrådal. Fotballgruppa ynskjer betre standard og vedlikehald på banen enn tilfellet har vore dei siste åra, og håpar på at kommunen tar ansvaret for ein vedlikehaldsplan.

Spinning: Dette er den største vaksengruppa i idrettslaget med om lag 70 persontimar spinning kvar veke fordelt på ni grupper. Idrettslaget har no sju instruktørar, auken har altså halde fram. Det har vist seg at det er eit enormt behov for eit rom der syklane kan stå fast, istaden for å transportere dei inn og ut av kinosalen kvar gong. Jfr planar og politisk vilje til eit stort aktivitetsrom i Fleirbrukshuset.

Skigruppa: Vi leiger oppkøyring av preparerte løyper heile vinteren ved hjelp av Solberg, til svært fin pris. Morten og co. gjorde sjølve arbeidet på dugnad og skal ha stor takk for det. Det var mykje folk i løypene langs lina og i lysløypa heile vinteren. I samarbeid med Nissedal IL var det skitrening og skikarusell for ungane i Baksås fleire gonger i løpet av sesongen, med Geir Halvor Løyte som instruktør. I haust har det vore dugnad og arbeid med traseen i lysløypa, og oppdraget med oppgradering av lampene etter krav frå Vtk er nesten fullført. Det er bestemt å utvide lysløypa nordover langs lina bort til klubbhuset. Vi har fått 22 lysstolper av VTK til dette, men vi er no i ferd med å finne tilbod og løysingar på solcellelamper. Det er behov for eit par sterke lyskastarar på fotballbanen, fyrst og fremst til ski om vinteren, sidan vi har skiløyper rundt banen.

Gapahuk: I eine enden av lysløypa blei det i løpet av 2011 sett opp ein stor gapahuk i samarbeid med Trenissen 4H. Gapahuken er i solid bindingsverk i tømmer, noko som er dyrt og tidkrevjande, men snekkar Andreas van Tunen leverte eit flott resultat. Kostnadane for idrettslaget blir maks 40.000,- og det er søkt om eit tilskot tl 28.000 som vi per i dag ikkje veit svaret på. Saman med mykje dugnad i planlegging, hogst, rydding, snekring av veggar og transport, som tilsvarar veldig mange dugnadstimar, har vi fått ein svært fin, stor og solid gapahuk som vil kunne stå i mange, mange generasjonar. Gapahuken er også eit av idrettslagets bidrag til den planlagde Folkestien. Den er plassert der den er pga moglegheiter for tilkomst for rullestolbrukarar på ein framtidig såkalla universelt utforma veg.

Folkesti: Treungen IL er stadig med på planlegging av denne, saman med Trygge Nissedal, kommunen og andre instansar, der målet er å etablere ein såkalla universelt utforma sti, tilrettelagt for alle, også rullestolbrukarar. Stien er planlagt frå Sommarsletta, via Evja og bak industriområdet, mot idrettsanlegget til lina, og lina attende til Sommarsletta. Eit omfattande planarbeid er i gang.

Innebandy: Det er godt oppmøte og eit aktivt miljø både blant ungar og vaksne. I romjola blei det arrangert ein vellukka turnering i samarbeid med Nissedal IL, for andre året på rad. På landsbasis er innebandy ein sterkt aukande idrett.

Turgruppa: I samarbeid med Havrefjell turlag er det arrangert fleire heiturar. Den viktigaste aktiviteten i år har vore fleire dugnadar på turstiane i Røyråsen og Årakåsen. Dette har over eit par år skaffa idrettslaget 40.000 kroner i tilskot. Stiane skal gjerast endeleg ferdige til våren, inkludert skilting. Det har også i år vore ordning med bøker på toppane der folk kan skrive namnet sitt. 3.000 namn er skrivne inn - med 1000 bare på Skuggenatten.

Volleyball: Det er jamlege treningar for damer og menn kvar veke, og det har vore erfarne trenarar frå Åmli som har halde kurs for ungdomsgruppa. Samarbeidet med Dristug er meint å halde fram. Det har vore ei auke i antal deltakarar.
Det har vore ein del aktivitet i sandvolleyballanlegget, men ingen turneringar eller aktivitetsdagar.

Trimboksing: Det er eit jamnt antal deltakarar på treningane til Roberto kvar onsdag. Totalt har det vore over 30 personar innom på trening i løpet av 2011. Treningane er svært varierte, og går også ut på styrketrening og balanse. Treningane går føre seg i hallen og i lagerrommet der det heng slagsekkar.

Corebar: Har hatt like stor suksess som då Guri starta i 2010. Så mykje som 85 ulike personar var innom i løpet av året, og i haust blei tilbodet utvida til to gonger i veka.

Zumba: Unni starta opp dette nye tilbodet, som er blitt svært populært på landsbasis, i haust. Det blei suksess med ein gong, med eit stort antal deltakarar. Tilbodet kan truleg bli utvida, og kursing er på gang.

Friidrett/ Skuggenatten Opp: Trengen IL sitt største idrettsarrangement. Det andre arrangementet på rad blei arrangert i juni, og blei svært vellukka, med 130 aktive i motbakkeløpet og 160 deltakarar i turarrangementet. Arrangementsrekneskapet er i balanse, men vi har som mål å få eit godt overskot i 2012. Løpet har no fått ein spesiell kvalitetsgodkjenning av Kondis-organisasjonen, er blitt kjend nasjonalt med godt rykte og god omtale, og vi trur på ei auke i deltakarar neste gong. Det ligg mykje organisering bak dette arrangementet, og svært mykje dyktig dugnadsinnsats for å få dette gjennomført. Skuggenatten Opp har no fått si eiga, nye nettside, bl.a med elektronisk påmelding.

Barneidretten: Barneidretten blei nokre gonger på ettervinteren og våren, men kom ikkje i gang att i haust, bortsett frå ein vellukka Nissemarsj. Det er stor samfunnsøkonomisk gevinst i barneidrett, er eit av idrettsforbundets største satsingsområde, derfor håpar vi at vi kan kome i gang att, men kan hende i meir samarbeid med helseinstansar i kommunen.

Nissedalsmarken: Fotballkafeog billettinntekter førte til om lag 50.000 i overskot for idrettslaget også i år, og er utan tvil den største inntektskjelda til laget etter kontingentar. Pga god organisering i forkant, av Susanne Halland, fekk vi gjort jobben greit utan den vanlege mangelen på folk. No er det etablert ei større gruppe som skal vidareføre arrangementet.
Idrettsrådet: Det har vore fleire møte i 2011. Idrettsrådet er sett saman av representar frå alle idrettslaga i kommunen samt kommunens tilsette på kultur - Anne Espelid. Idrettsrådet er ein god plattform for bl.a. samarbeid og kurs, og vi har hatt kompetanseheving via kurs med folk frå idrettskretsen. Viljen til samarbeid mellom Treungen, Nissedal og Felle IL er stor, ein del samarbeid er det, bl.a på fotball og ski, og meir kan det bli.

På nett: Nettsida er sentral som organiasjonsplan og informasjon. Vi håpar den vil bli ein endå meir naturleg nettstad å bruke ofte for fleire, og sida blir oppdatert ofte. Facebook-sida vår har svært mykje aktivitet og meldingar, så desse to plattformane er ein god måte å marknadsføre aktivitetar på.

Klubbhuset har vore pussa opp ein del i 2012, særleg møteromet. Vi har også fått nytt dusjanlegg, men dette var ufriviljug pga frostskade. Vi håpar å få desse om lag 40.000 i kostnadar på forsikringa. Eit uvanleg sterkt lynnedslag eksploderte sikringsskåpet og sette nesten klubbhuset i brann. Det tok heldigvis aldri fyr, og vi fekk skadene dekt på forsikringa.

Økonomi: Økonomien er tilfredsstillande i Treungen IL. Underskotet er på om lag 40.000 i 2011, men det har vore uvanleg stor aktivitet - og omsetnaden er nesten dobla, til rundt 400.000. No er målet å sikre inntektene, og vi er ferdige med ein del investeringar, så vi har god tru på ei godt overskot i 2012.

Historikk/ arkiv: Det er sett i gang eit arbeid med å sortere og gjere tilgjengeleg ein del av historia til idrettslaget. Helge, Frank Lien og Margit Johansen arbeider litt med dette.

Vandel: Alle som arbeider med mindreårige er plikta til å vise fram vandelsattest, og Treungen IL blir straks eit av få idrettslag i fylket som har 100 % dekning der. Årsaka til at vi ikkje har attest på alle er at det stadig er nye folk som kjem inn som trenarar og gruppeleiarar.

Kommunen: Vi er glade for det gode samarbeidet med kommunen, særskild v/ Anne Espelid. Samarbeid og god kommunikasjon fører til god utvikling og effektiv planlegging. Vi håpar samarbeidet held fram, og at kommunen set av tid til å lage ein vedlikehaldsplan for idrettsanlegget. Samarbeidet om bruken av Fleirbrukshuset fungerer veldig bra, og idrettslaget har aktivitet der kvar dag bortsett frå sundag.

Dugnadsinnsats: Treungen IL ønskjer å rette ein spesiell takk til alle som har bidratt med dugnadsinnsats det siste året. Utan denne innsatsen er det ikkje mogleg å drive på det nivået vi gjer i dag. Slik dugnadsinnsats er uvurderleg, og alle som har bidratt skal vite at dei blir sett stor pris på. Det har vore ei betydeleg auke i dugnadsinnsats og aktivitet, noko statistikken frå idrettstellinga syner.

Vi syner ellers til nettsida, www.treungenil.org, der er det meste av aktivitet frå 2011, og all info om idrettslaget, er å finne.


Treungen, februar 2011

Styret i Treungen Idrettslag

Kva skjer?