Referat frå årsmøtet 19. febr 2012

Det nye styret i Treungen IL er: Susanne Halland, Mona Mevik, Olav G. Tveit (1 år), Unni Løken, Olav Nilsen, Unni Britt Hansen, Vegard Sundsli, Knut Oddvar Nes, Helge Reinholt (2 år).

Her er referatet frå årsmøtesakene årsmøtet på Tjørullkroa 19. februar 2012.

Årsmøte i Treungen IL, sundag 19. februar 2012, referat

1. Val av møteleiar og skrivar: Helge og Unni
2. Godkjenning av innkallinga: Ok.
3. Val av to til å underteikne protokollen: John Frisk og Guri Holdte.
4. Godkjenning av årsmelding 2011: Ok.
5. Godkjenning av rekneskap 2011, ok, med tillegg om at styret undersøkjer krav om anvisning av bilag av to personar før betaling. Rekneskapen viser ein omsetnad på drøye 400.000 og eit resultat på minus om lag 40.000.

6. Val
Dei som sit eitt år til er Mona og Olav G.
Dei som var på val: Helge, Unni, Susanne, Unni Britt og Olav N.
Styrets/ valkomiteens framlegg; Attval av Helge, Unni , Olav N og Unni Britt (2 år) og Susanne (1 år) og to nye folk inn: Vegard Sundsli og Knut Oddvar Nes (2 år). Samrøystes vedtatt.
Styret konstituerer seg sjølv på fyrste styremøte.

Det nye styret er dermed desse ni personane: Susanne Halland, Mona Mevik, Olav G. Tveit (1 år), Unni Løken, Olav Nilsen, Unni Britt Hansen, Vegard Sundsli, Knut Oddvar Nes, Helge Reinholt (2 år).

a) Vald styre for skigruppa: Elin Fjalestad, Helge R, Olav Nilsen og Morten Solberg.

b) Vald styre til fotballgruppa: Unni Løken, Mona Mevik, Knut Oddvar Nes, Hølje Haugsjå og Anne Margrethe Holdte.

c) Vald styre for spinninggruppa: Til ein kvar tid instruktørane, med Tone som leiar.

d) Vald styre til Nissedalsmarken-gruppa: Even, Helge, Geir Enger, Gunnar G og Olav G.

e) Val av valkomite. Styret får fullmakt til å nedsette valkomite.

f) Val av revisor. Styret får fullmakt til å finne to revisorar.


7. Godkjenning av organisasjonsplan/ handlingsplan.

8. Årsmøte vedtok at Treungen IL skal bruke den nye pålagte basislovnorma til NIF.


Diverse saker og idear blei drøfta etter årsmøtesakene.

Kva skjer?