Trimboksing - info

Trimboksing er moro, utfordrande og variert, og alt går i ditt eige tempo. Trimboksinga, som går føre seg på onsdagar kl 18.30 til 20.00, ynskjer fleire deltakarar. NB: Nybegynnarar heilt utan erfaring og trening er også velkomne! Det er heilt fint å kome inn som ny når som helst i løpet av året!

Instruktør Dick de Ruiter lærer bort bokse- og forsvarsteknikk, og det er også ein del styrke- og kondisjonstrening. Møt opp i hallen i fleirbrukshuset onsdagar 18.30-20.00. Nedre aldersgrense er 7. klasse. Du treng ikkje vere i form for å vere med, men det er lurt å kjøpe boksebandasje og evt. slaghanskar på førehand.

NB: Trimboksing har ikkje treningsavgift, men du må vere medlem av eit idrettslag i Nissedal kommune.

Kva skjer?

Test av elektronisk tidtakarsystem  - ikkje knirkefritt torsdag kveld.