|
|
Fleire på topptur i TreungenDet er fleire som går toppturar i Treungen enn før. Betre merka stiar og fokus på eiga helse får folk ut på tur.Etter oppteljing av turbøkene på dei 14 fjelltoppane i Treungen, viser det seg at heile 4085 personar har skrive namna sine i bøkene frå juli 2011 til juli i fjor. Det er tusen fleire enn i fjor. På topp tre-lista regjerer Skuggenatten med 1156 namn, på andreplass kjem den nymerka turstien til Røyråsen med 952 namn, og på tredjeplass Tveitåsen med 630 namn. På Skuggenatten er det skrive inn 100 fleire namn enn i fjor. Turgruppa i Treungen IL har trekt ut ein vinnar frå kvar fjelltopp. Vinnarane får eit mikrofiber turhandkle, som blir delt ut på Nissedalsmarken laurdag 4. august. Vinnarane er: Tveitåsen: Vegard Sundsli Hjasus: Bent Simensen Skuggenatten: Liana Dimitroviene Nesheia: Kjetil Strand Kronfjell: Per Gunnar Nyhaven Hågfjell: Jørgen Solberg Røyråsen: May Trontveit Wigestrand Lislehei: Svein Harald Sønderland Alambergknatten: Lars Petter Haugstøyl Furunusteren: Bård Sundsli Langfjellvarden: Sverre Lavrantsen Haugsjånipen: Lena Haugsjå Ervdalsfjellet: Jørgen R. Hodnebrog Gjerulvsknatten: Helge Reinholt Styret i turgruppa: Unni Britt Hansen (leiar), Hilde Nore Kveim, Oddvar Olsen og Tone L. Reinholt.
|
Kva skjer?01/06-2013:KLART FOR SKUGGENATTEN OPP 2013 03/08-2013: Nissedalsmarken 2013 for små og store 07/09-2013: Telemarks Tøffaste - meir enn ultraløp! 07/09-2013: Telemarks Tøffaste Turklasse!
|
||||