Ærespris og ungdomstipend

Både æresprisen og eit nytt ungdomsstipend skal delast ut i haust!
Treungen IL vil seinare i haust dele ut æresprisen att, til ein som
har gjort ein spesiell og verdifull innsats for idrettslaget over tid.
Framlegg med grunngjeving sendast pr e-post til melding@inissedal.no,
eller pr post til Treungen IL, v/ Mona Mevik, 3855 Treungen.
Frist: 15. oktober.

Styret i Treungen IL har vedtatt å opprett eit ungdomstipend på opp til
5.000 kroner som kan delast ut til ein eller fleire ungdomar frå 12 til
17 år som viser spesiell interesse for ein eller fleire idrettar, og som
kan vise til resultat og/ eller talent. Ikkje veldig høge krav - dette er
mest for å motivere til å satse vidare på idrett. Aktuelle personar sender
søknad som er skriven eller underteikna av føresette, med litt forklaringar
og kvifor du ønskjer stipend, og der du fortel om korleis du utøver idrett.
Søknaden sendast Treungen IL v/ Helge Reinholt, 3855 Treungen, eller
på e-post til melding@inissedal.no , innan 15. oktober.

Kva skjer?

Brita Cecilie Mustad blir intervjua av mikrofonmann og leiar av Treungen IL, Helge Reinholt