Æresprisen til Arne Roar Rygh

Treungen Idrettslags høgaste utmerking, æresprisen, blei delt ut under idrettsfesten på ungdomshuset torsdag 29. november. Ein fullsett sal ga Arne Roar rygh ståande applaus då han blei annonsert som vinnar. Årets Eldsjel gjekk til Unni Løken, og alle fotballspelarane fekk sine velfortente pokalar.
Sjå galleri frå festen HER

Arne Roar har alltid vore positiv og aktiv, heilt sidan 80-tallet. Alt han har gjort blir for lang å liste opp her. Han har vore både aktiv og trenar i ulike idrettar, særleg ski og fotball. Han har vore trenar for mange ulike fotballag i Treungen gjennom mange år. Han har vore fotballdommer i uttallige kampar, og representerer Treungen IL som dommar framleis, fleire gonger i veka i sesongen. Han stiller alltid på dugnad. Har har sett i gang skitrening nå i haust, og har hatt ønskje om dette lenge. Han er positiv, og godt likt i heile Telemark, og ein flott representant for Treungen IL og for bygda. Kombinasjonen av utretteleg idrettsiver, godt humør, stå-på-vilje og idrettsfagleg kompetanse gjør han til ein innlysande vinnar. Treungen IL sin ærespris 2012 gjekk derfor til Arne Roar Rygh.

Her er grunngjevinga som blei lest opp, og som står på diplomet:

Prisvinnaren har gjort ein uvurderleg innsats på mange ulike måtar gjennom mange år. Han har vore aktiv, og med gode resultat, i både fotball, ski og andre idrettar, han har vore trenar for mange lag i ulike idrettar, og han har alltid, og i svært stor grad, vist dugnadsvilje, stå-på-humør og positiv innstilling. Han er framleis aktiv både som utøvar, trenar og bidragsytar, og Treungen IL har stor glede av hans kompetanse, erfaring og idrettsglede.

Kva skjer?

Hans Inge Hagen og Jørgen Solberg  - ein stund før start. Jørgen passar på å ikkje bli for varm av sola.

Landets vakraste motbakkeløp?(Foto: Astrid K. Lien)