Årsmelding 2012 og nytt styre

Her er årsmeldinga til Treungen IL for 2012, som syner aktivitetar, økonomi og målsetningar, samt styresamansetning for 2013.
Årsmelding for 2012, frå Treungen Idrettslag, vedtatt på årsmøtet 10. april 2013.

Treungen IL har om lag 300 medlemmar. Vi har over 20 ulike grupper, som fordeler seg på fotball, ski, motbakkeløp, ultra/terrengløp, turstiar/ turgruppe, sandvolleyball, stisykling, Nissedalsmarken, sykkel, innebandy, innefotball, volleyball, barneidrett, trimboksing, zumba, corebar og spinning.

Styret har i 2012 hatt fire styremøter, og har arbeidd med ein del administrative oppgåver: Idrettsrådet , arbeid med trimrom, arbeid med lysløypa, arbeid med Folkestien, kursverksemd - bl.a treningstrender, og ulike kurs i regi av idrettskretsen, arbeid med skriving av soga til Treungen IL, planlegging av arrangement, media-arbeid, kommunikasjon og samarbeid med kommunen, administrasjon, rekruttering og informasjonsarbeid i gruppene. Vi har på nytt hatt omsetnad på over 400.000,-, og hadde overskot i 2012 på omlag 26.144,- kroner.

I 2012 har vi gjennomført store arrangement i tillegg til fotball og alle mosjonsgruppene: Nissedalsmarken med ny publikumsrekord på 2.200 besøkande, Skuggenatten Opp med ny deltakar-rekord på om lag 450 personar, og i vinter, etter ein del planlegging og møter for jol, ein svært vellukka skikarusell i samarbeid med andre grender i kommunen. Fem renn blei gjennomført med gjennomsnittleg deltakartal på 75. Vi har brukt ein god del midlar på lysløypa, og det står att mykje renoverings- og forbetringsarbeid på dette gamle anlegget.

Vi har namnebøker i kasser på 14 fjelltoppar, og antal namn har auka med tusen siste året, til over 4.000 personturar. Ein fjerdedel av desse er på Skuggenatten. Turgruppa har elles heldt fram arbeidet med rydding og merking av turstiar, og i vi hadde opning av turstiane i Røyråsen og Norkåsen. I 2013 er det Skavansgrova – Nussevika som står for tur.

I 2013 har vi mål å halde fram med alle aktivitetane og arrangementa, samt det nye ultraløpet Telemarks Tøffaste, vi driv ombygging i klubbhuset og kan hende tilbygging, og ikkje minst vil vi prøve å få til eit samarbeid med kommunen, Vtk og Telenor om lys langs lina - noko vi har planlagd og kommunisert i langt tid.

Til slutt retter vi ein stor takk til det gode samarbeidet med Nissedal kommune, og ikkje minst alle dei som bidrar med dugnadsarbeid, og som instruktørar, gruppeleiarar og trenarar. Det er fantastisk verdifullt, både for Treungen IL og for lokalsamfunnet.

Samfunnsrekneskapen for Treungen IL, utrekna av Telemark Idrettskrets, syner at vi sparer/ bidreg med 1,7 millionar kroner i året for Nissedal kommune.

Årsmøtet valde dette styret for 2013: Helge Reinholt, leiar, Unni Løken, nestleiar og kasserar, Bjørn Leirvik, Susanne Halland, Olav G. Tveit, Unni Britt Hansen, Olav Nilsen og Knut Oddvar Nes.

Vedtatt av årsmøtet i Treungen IL, 10. april 2013.

Kva skjer?

Sola står opp over Skuggenatten, det er laurdag morgon, 4. juni 2011.

Heilt fortent og ingen tvil - Arne Roar Rygh har æresprisen 2012, og det er kanhende på høg tid han fekk den. Gratulerer!