Nisserstien er ferdig

Terrengløpet og kulturprosjektet Telemarks Tøffaste er pådrivar for fleire mil med gode stiar. Nisserstien er eitt av fleire stiprosjekt. Resultatet er blitt veldig bra.
Nisserstien er blåmerka og standard turstiskilta, og går samanhengande langs vatnet frå Lia til Tveitsund (den gamle pelsdyrforfabrikken, eller du kan kalle det Tveitsto Brygge eller Jakobs Brygge). Det er veldig, veldig fint langs oddane og svaberg ved Kristen Fiskarhol mellom Tveitsund og Leirosen, og stien går vidare via Smeitsund/ Smeitkollen til Skavansgrova. Fint om folk trakkar stien fin og gjerne breiare, og plukkar vekk kvist frå bakken og frå sidene, for det gror raskt til att. Dei seks kilometrane langs Nisserstien er ein del del av løypa i Telemarks Tøffaste. Sjå meir info på www.telemarkstoffaste.no. God tur langs vakre Nissers natur!

Kva skjer?

Hovudkonstruksjonen er her ferdig. Eit svært vanskeleg og tidkrevjande arbeid, der snekkar Andreas van Tunen løyste utfordringane på ein ypparleg måte. Denne vil stå i 500 år!

Andreas køyrer vekk kvist