Idrettsanlegget og klubbhuset

Idrettsanlegget og klubbhuset finn du ein kilometer sør for brua i Tveitsund, retning Åmli.
Klubbhuset, eigd og drive av Treungen IL, er omlag 30 år gamalt, i god stand, og har garderobar og dusjar, dommargarderobe, handikaptoalett, møterom, lager, kjøkken og garasje. Idrettsanlegget er eigd og drive av Nissedal kommune. Her er det fotballgressbane, løpebane, lengdehoppbane og stor treningsbane på grus. Dei tre siste treng renovering. Det er stadig aktivitetar på anlegget i sommarhalvåret, stort sett fotball, men Treungen IL har ønskje om å starte meir friidrett. Her går også starten for Skuggenatten Opp, og om vinteren kan folk parkere her og gå på ski rundt på anlegget, langsetter den gamle jernbanelina som går paralellt med anlegget, og bort til anten det gamle stasjonsområdet nærmare sentrum eller til lysløypa ein kilometer lenger ned. Det er sett i gang arbeid med meir lys rundt idrettsanlegget og langsetter lina.

Kva skjer?

Fleire hundre personar på toppen er klare for å ta i mot løparane  - frå nasjonalt proffe til lokale, tøffe amatørar.