Nissedalsmarken 2013 for små og store

Treungen Idrettslag er arrangøren bak Nissedalsmarken kvart år. Det har vore rekordbesøk dei siste par åra, og laurdag 3. august brakar det laus att, med trylleshow, tivoli, auksjon, handelsboder, underhaldning og meir til! Harald Valle er konfransier. Følg med for fleire oppdateringar etterkvart.
Nissedalsmarken er same helga som Treungenfestivalen, og dei siste åra har det vore mykje folk i sentrum på denne laurdagen. I 2012 blei det sett ny publikumsrekord med 2.200 personar. Nissedalsmarken har salsboder, tilbod i butikkane, utstillingar, auksjon, underhaldning, sal av god mat, folkeliv m.m. Idrettslaget driv også Fotballkafeen på denne dagen, der vi sel diverse mat og drikke. Vi arbeider på dugnad og sikrer gode inntekter til idrettslaget. Vi ser gjerne at endå fleire melder seg til dugnad før, under og etter Nissedalsmarken - då blir det meir moro og mindre arbeid på kvar.

Kva skjer?

01/06-2013:
Skuggenatten Opp 2013
03/08-2013:
Nissedalsmarken 2013 for små og store
07/09-2013:
Telemarks Tøffaste - meir enn ultraløp!
07/09-2013:
Telemarks Tøffaste Turklasse!