Team Solberg vann romjolscupen

Ni lag stilte i romjolscupen i innebandy 2013, og vinnarlaget blei Asgeir, Jostein og Sigbjørn Solberg med god hjelp av Håvard Rekvik.
Sikkert noko pga været fekk me godt med påmeldingar, på tross av at dette vart planlagt kort tid i forvegen. Det var ni lag som stilte, dei fleste med fire spelarar. Tre spelarar var på banen for kvart lag av gonga. Det vart spela to omgangar, kvar på fem minuttar. Turneringa var organisert i to grupper med fire og fem lag, og det var difor til saman 16 gruppespelskampar, før semifinalane, bronsefinale og finale.


To lag frå Tørdal, to lag fra Porsgrunn og fem lag frå Nissedal kommune stilte i turneringa. "Kølledaskerne" frå Porsgrunn vann si gruppe og møtte gruppetoar Team Sundsli & co i den første semifinalen. Treungenlaget imponera alle ved å slå grenlendingane 5-3 etter storspel av mellom anna Hans Fredrik Fredriksen.

I den andre semifinalen vart det eit lokaloppgjer med lag frå Treungen. Gruppevinnar Team Solberg møtte gruppetoar Team Rygh. Solbergslekta, med god hjelp frå Håvard Rekvik, vann klart 5-1.

Kølledaskerne drog attende til Porsgrunn med tredjeplass etter å ha slått Team Rygh 5-2 i bronsefinalen. I finalen dominera Team Solberg stort og vann 5-2 over Team Sundsli & co, som dei tidlegare hadde tapa knepent for i gruppefinalen. Asgeir Solberg og Håvard Rekvik scora to mål kvar i finalen, og Rekvik vart også av juryen kåra til turneringas viktigaste spelar.

Spelarar i sluttspelet:

Kølledaskerne: Kjetil Enger, Kritsana Suwanphong, Martin Hesmyr og Bernt Håvard Olsen

Team Solberg: Asgeir Solberg, Jostein Solberg, Sigbjørn Solberg og Håvard Rekvik

Team Rygh: Gjermund Rygh, Arne Roar Rygh, Jan Inge Rygh og Jan Åge Nordbø

Team Sundsli & co: Bård Sundsli, Vegard Sundsli, Hans Fredrik Fredriksen og Inge Egil Hauge


Spelarane var svært nøgd med arrangementet, det tredje i rekka (var pause i fjor). Interesserte må gjerne ta kontakt om dei ynskjer å førebu deltaking i neste års turnering. Noko av det gode med å ha slike turneringar er at ein har noko konkret å trene fram mot, som ein kan håpe bidrar til å løfte nivået på spelet på måndagstreningane for dei som bur i Treungen. Ved å ha turneringa i romjola er det dessutan mogleg for folk frå kommunen som ikkje bur heime lenger, til å treffe og spele saman med gamle kjente.

Kva skjer?

Hedda Lundeberg Aas, 15-åring frå Ulefoss med imponerande 3.plass, blir intervjua av avisa (Ta)