Regelverk for innebandyturneringa

REGELVERK FOR
«Nissedal Open»
28. desember 2013.

GENTLEMANS REGLAR:
- Farleg, urettferdig og rått spel ikkje er tillete.
- Vi har respekt for kvarandre
- Vi er ein kameratgjeng, og ingen er interesserte i verken skade eller krangling. Usemje skal og må løysast på diplomatisk vis, og godt sunt bondevett bør vere nok.
- Vi skal ikkje skade kvarandre eller gjere noko som kan vere skadeleg.
- Alle har ansvar for at alle har det moro og greitt.

RETNINGSLINJER:
- Det er lov med skulder mot skulder, men ikkje regelrett dytting, med utstrakt arm eller å dytte ein annan spelar med arm eller skulder hardt vekk frå posisjonen han har plassert seg. (same som i fotball)
- Det er ikkje lov med slag på anna enn ballen. Med andre ord er slag på kølle forbode, samt slag på føter/ kropp til motspelar.
- Høg kølle er ikkje lov, det kan vere farleg for andre i nærleiken. I utgangspunktet skal kølla ikkje over hoftehøgde. Ballen skal heller ikkje stoppast med høg kølle.
- Ikkje lov å stoppe ballen med handa eller hovudet.
- Det er ikkje lov å stoppe/ sparke ballen med foten slik at den går til medspelar.
- Den som voktar målet, kan ikkje legge seg ned. Eit kne i golvet er tillatt.
- Ballen utafor banen: Ballen til det laget som ikkje slo ut. Ved tvil: Dropp.
- Frislag: Motspelar held minst 2 meters avstand
- Start etter kvart mål: Som i fotball.
- Utover dette må ein rette seg etter dommaren. Dommaren kan gi gult og raudt kort. Raudt kort gjeld resten av kampen (omgangen).
- Bytte: Byte skjer i byttesonen, og ikkje inne på banen. (Den som skal ut hoppar inn i "boksen", den som skal inn hoppar ut samstundes.

Kva skjer?

Faksimile frå Varden

Imponerande av 13-åringen frå Kristiansand. Han sprang på 27.02, eitt sekund raskare enn fjorårsvinnaren.