NM i motbakkeløp til Treungen

Hovudstyret i Norges Friidrettsforbund har tildelt NM i motbakkelåp i 2015 til Treungen IL og motbakkearrangementet Skuggenatten Opp. Dette blir første gong NM i denne greina blir arrangert på Austlandet, og det blir første gong sidan 1967 at Nissedal husar ein offisiell noregsmeisterskap i ein idrett. Les meir på NETTSIDA TIL NM HER
På den tida var nissedølar og åmlifolk dei beste i landet i volleyball, og tok heim fleire meisterskap. No er det løping i fjell og terreng som er i vinden i Treungen, i alle fall med tanke på meisterskap. Terrengultraløpet Telemarks Tøffaste har alt fått uoffisiell NM-status 6. september 2014. At Treungen får eit offisielt NM i 2015, er først og framst primus motor Olav Nilsen å takke. Nilsen har lagt eit uendeleg antal timar i arrangementet, og heile tida sørga for profesjonalitet i gjennomføringa.


Treungen IL er svårt glade for NM- tildelinga, og reknar med at dette er godt nytt for heile Nissedal kommune. Treungen IL har stort fokus på brei folkehelse, og i eit motbakkelåp er det alltid turklassa som er fundamentet. Samstundes var det så mykje som 180 på startstreken i konkurranseklassa i 2013, som blei vunne av Heidi Weng og Tomas Bereket, og med mange topplåparar, der 22 personar brukte under halvtimen. Stadig fleire lokale stiller til start i Skuggenatten Opp, og det er også styret i Treungen IL sitt hovudmål, at fleire driv aktiv idrett. Det er ikkje minst stor, heilt nådvendig og uvurderleg dugnadsinnsats frå eit stort antal friviljuge som gjer det mogleg å arrangere Skuggenatten Opp.


Det var motbakkeutvalet i friidrettsforbundet som innstilte Treungen til NM, og arrangementet i 2015 blir det sjette motbakkelåpet på rad til den vakre og populåre toppen 706 meter over havet, 4,3 km frå startstreken på idrettsanlegget nede i bygda. Initiativtakar Olav Nilsen sitt enorme arbeid med dette arrangement har bore gode fruktar, og han fortener mykje ros.
Skuggenatten Opp har rykte på seg for å vere ein av landets vakraste toppturar, fordi låypa fålgjer ein rygg med panaramautsikt tlil alle kantar heile vegen, og går på 70 % svaberg. Skuggenatten Opp har vore med i Motbakkecupen i to år, og siden NM er eitt av desse låpa er dermed cupen attende i 2015. Skuggenatten Opp går av stabelen laurdag 31. mai i år og laurdag 30 mai i NM-året 2015.

Kva skjer?

Mona og Wenche selge mange vaflar denne kvelden