Årsmeldinga for året 2013

Vedtatt på årsmøtet 2. mars 2014.
Årsmelding for året 2013, Treungen Idrettslag, vedtatt av årsmøtet 2.februar 14

Treungen IL har om lag 300 medlemmar. Vi har omlag 25 ulike grupper, som fordeler seg på fotball, ski, motbakkeløp, ultraløp, turstiar/ trimgruppe, sandvolleyball, stisykling, Nissedalsmarken, sykkel, innebandy, innefotball, volleyball, barneidrett, trimboksing, zumba, corebar og spinning.

Styret har vore: Helge Reinholt, leiar, Unni Løken, nestleiar, styremedlemmar Unni Britt Hansen, Susanne Halland, Knut Oddvar Nes, Olav G. Tveit, Olav Nilsen og Bjørn Leirvik. Styret har i 2013 arbeidd med mål om å sikre den gode utviklinga i idrettslaget, på fleire hald, slik at ting kan gå bra i mange år framover. Derfor er god organisering viktig, der arbeidet er fordelt på mange. Vi har hatt ei årsomsetnad på om lag 550.000,-, med eit underskot på om lag 25.000,- kroner.

I 2013 har vi gjennomført store arrangement i tillegg til fotball og alle mosjonsgruppene: Nissedalsmarken (med skikkeleg uver og likevel kom det 1200 personer - halvparten av vanleg), Skuggenatten Opp (180 i konkurranseklassa, noko som er svært bra, medan trimklassa blei halvert) og Telemarks Tøffaste (200 deltakarar totalt og 70 på ultradistansen, landets tredje største terrengultra på første forsøk) . Vi hadde ein svært vellukka skikarusell i samarbeid med andre grender i kommunen. Fem renn blei gjennomført med gjennomsnittleg deltakartal på 75. Vi har brukt ein god del midlar på lysløypa (nye LED-lys), og det står att mykje renoverings- og forbetringsarbeid på dette gamle anlegget. Vi har namnebøker i kasser på 14 fjelltoppar, med omlag 4.000 personturar. Opp mot halvparten av desse er på Skuggenatten og Røyråsen. Turgruppa har elles heldt fram arbeidet med rydding og stell av Skavansgrova –Nussevika. Den nye sykkelgruppa hadde fleire mindre tempoløp, og har hatt organiserte treningar. Dei snakkar om eit nytt sykkelløp, og det er noko styret håpar blir noko av. Margit Johansen har halde fram med det enorme arbeidet med skriving av Treungen IL si soge, og har sluttført den første skrivefasen. No er det korrektur, bildemateriale og mange andre ting. Vi ser fram til denne boka med stor glede. Margit sin systematiske innsats her er uvurderleg.

Treningane på Fleirbrukshuset har vist seg å halde seg i popularitet, og mange blir i betre form av tilbodet. Instruktørar og gruppeleiarar legg ned mykje tid, og resultatet blir bra.

I 2014 har vi mål å få i gang att barneidretten (som ikkje hadde tilbod i haust) gjennom kursing og fleire leiarar (her bør ein del foreldre kome på banen), halde fram med alle aktivitetane og arrangementa, få i gang eit sykkelløp, bli ferdig med ombygging av garasjen i klubbhuset og kan hende få sett i gang eit opent tilbygg, og ikkje minst vil vi prøve å få til eit samarbeid med kommunen, Vtk og Telenor om lys langs lina - noko vi har planlagd og kommunisert i langt tid. Eit meir profesjonelt sponsorarbeid er også på trappene, slik at ulike arrangement samhandlar, og næringslivet får tilbod om årsavtaler.

Til slutt retter styret ein stor takk til det gode samarbeidet med Nissedal kommune og næringslivet i bygda, og ikkje minst alle dei som bidrar med dugnadsarbeid som ikkje alltid blir nemnd. Det er mange som gjer ein flott innsats for idrettslaget og dermed for folkehelsa i bygda, i løpet av året. Kvar einaste time dugnad blir sett pris på, og slikt arbeid er fantastisk viktig for samfunnet. Samfunnsrekneskapen for Treungen IL, utrekna av Telemark Idrettskrets, syner i så måte at vi sparer/ bidreg med 1,7 millionar kroner i året for Nissedal kommune.
På årsmøtet blei dette styret vald: Helge Reinholt, leiar, Unni Løken, nestleiar, styremedlemmar Herdis Gautefald, Unni Britt Hansen, Susanne Halland, Knut Oddvar Nes, Olav G. Tveit og Bjørn Leirvik.

Kva skjer?

Her kjem Tor Gunnar Homme, Nissedalsmeister i fjor, nr 2 i år (bak)