Æresprisen til Torstein Tarraldsen

På årsmåtet til Treungen Idrettslag 2. mars blei æresprisen delt ut til ein som verkeleg fortener det, etter 35 år som svært aktiv i idretten i bygda, og som viktig bidragsytar til utviklinga i laget heilt sidan 1979. Her er styrets grunngjeving:
Styrets grunngjeving: Treungen Idrettslags ærespris delast ut i 2014, til ein person som har fortent denne i mange år. Han har vore svært aktiv på mange felt i laget sidan 1979. Det er kan hende denne karen som har lagt att mest sveitte på fotballbanen i Treungen, og hans innsats både som utøvar, leiar og trenar har vore svært viktig for idretts- og treningsmotivasjon blant dei unge i bygda. Han har vist høgt nivå og stort talent innan både fotball og andre idrettar. Dei siste åra har han oppnådd framleis gode resultat, ikkje bare på ski i store renn, men han er også ein av fylkets beste motbakkeløparar i si klasse. Han er svært glad i å trene hardt, og held eit imponerande nivå i høve alderen. Saman med det fakta at han framleis er aktivt med på dugnad, er det sjølvsagt at æresprisen går til Torstein Tarraldsen.

I tillegg til denne grunngjevinga, er det sjålvsagt mykje meir å fortele om Torsteins bidrag. Han var blant anna prosjektleiar for fotballbanen, var med i alt av styre og stell på det viktige og framgangsrike 80-talet. I tillegg har Tarraldsen Trevare vore den kan hende stårste sponsoren til Treungen Idrettslag gjennom tidene. Gratulerer, Torstein - dette er SVåRT fortent!

Foto: Tatt av åystein Fredriksen, etter at Torstein var med på Skåla Opp, Noregs hardaste motbakkelåp, sist sommar, på ein veldig god tid.

Kva skjer?

Initiativtakar og leiar i Skuggenatten Opp, Olav Nilsen, forklarar om årets arrangement