12-timars 2016

(English below)

Vel møtt til Treungen, og landets einaste 12-timars bakkeløp, 18. juni 2016. Arrangementet er enkelt, basert på sjølv-service, og er natur-spektakulært, utfordrande og sosialt. PÅMELDING HER

Omtale og resultat 12-timars 2015 på Kondis HER

I fjor klarte dei beste damene seks, og herrene ni runder opp og ned i Skuggenatten, Treungens vakre fjell og populære motbakkeløype.

Sjå vår INFOFILM FRÅ I FJOR

Løpets Facebookside med mange foto HER

Sjå kven som er påmeldt HER

Hovudinfo og reglar Skuggenatten 12-timars.

Kor mange gonger klarer du opp og ned Skuggenatten på 12 timar?

Generelt:

Velkomen til Noregs einaste 12-timars bakkeløp! Eit utfordrande og sosialt løp som går i ei av landets vakraste fjell-løyper, med panoramautsikt heile vegen opp til Skuggenatten, med 60-70 % av traseen på svaberg, og resten på fin skogssti, samt litt grusveg nederst ved start/ mål. Kvalitetsløp godkjent av Kondis. Du kan bruke så lang tid per runde som du vil, avslutte når du vil, og alt frå ein runde (8,6 km) tel med i resultatlista. Fem runder er ein offisiell ultra på 43 km.

Praktisk:
Start og mål/ vending ved klubbhuset til Treungen IL. Overnatting i telt/ vogn på plassen dersom du vil.

Sjølv-service: Du tar med det du sjølv treng av utstyr, mat og drikke, som plasserast på bord i eige depot-telt. (Der finnast også kanner med vatn.) Søppelkasse 400 meter etter start/ vending.

Opent bygg i målområdet med bålkos/ grill, musikk, løpet direkte frå toppen (vending) og resultat undervegs på storskjerm. Her kan publikum og støtteapparat ha det fint. Dei som avsluttar etterkvart må gjerne bli på området, støtte dei som er att i løpet, og bidra til sosial og hyggeleg stemning på arenaen. Ein saftig grillmiddag etter løpet, kan hende? Det ordnar du sjølv.

Alle hjelper til med å halde løypa og målområdet/ klubbhuset ryddig og triveleg, heie på kvarandre og gjennomføre arrangementet på ein fin måte, som ein vennegjeng. Klubbhusets fasilitetar er til fri bruk; garderobe, dusj, toalett, kjøkken, kjøleskap.

Løpet:
Start laurdag 18. juni kl 09.00. To klasser: Kvinner og menn. 12-års aldersgrense. Merka løype skal følgast heile tida. Ein offisiell runde er når du har kome NED ATT. Alle runder påbegynt før 11 timar (klokka 20.00) kan fullførast, flest runder (kilometer) tel, ved likt antall runder tel tida i mål på di siste runde.
Kvar gong du fullfører ei runde, blir klokkeslettet registrert.

Løypa:
Ein runde er på 8,6 km (4 km opp og 4,6 ned), og har ca 470 høgdemeter stigning. Første og siste del av runden (ca ein km) er ulik, elles i løypa vil du treffe dei andre titt og ofte. Svært godt merka (områdets mest brukte turløype). Start er på 250 moh, toppen er på 706 moh. 5 runder gir 43 km (offisiell ultra) og 2.350 høgdemeter. 10 runder gir eksempelvis 86 km og 4.700 høgdemeter.

Pris, påmelding og premie:

Pris kr. 300,-. Tillegg kr. 40,- i obligatorisk NFIF-lisens (ekstra forsikring), dersom du ikkje har NFIFs heilårslisens. 50,- kroner i rabatt for Kondismedlemmar! Påmeldingsfrist: Torsdag 16. juni kl 08.00. Kr. 500,- fram til kl 23.00. Ved påmelding godtar du at du deltar på eige ansvar og følger løpets instruksar og reglar som er publisert på løpets nettside, http://treungenil.org/index.php?id=277&kat=9.

PÅMELDING HER

Premiering: Eit eksklusivt bevis som vinnar av Skuggenatten 12-timars 2015, samt noko fint til 2. og 3. plass. Det kan hende det blir eit par trekningspremiar blant alle deltakarar også.

Følg med på løpets Facebookside - her er det resultat, film og foto, og mykje nyttig og unyttig løparar imellom. NB! ENDRINGAR I SISTE LITA KAN BLI PUBLISERT BARE PÅ FACEBOOK.

Alle deltakarar kan bestille Skuggenatten 12-timars-trøye direkte frå leverandør etterpå, til kr. 150,-.

Meir info, spørsmål/ svar, bilete, løypefilm m.m.:

https://www.facebook.com/Skuggenattentolvtimars

Offisiell info: http://treungenil.org/index.php?id=277&kat=9

Arrangør: Treungen Idrettslag. Kontakt: Helge Reinholt, epost melding@inissedal.no, tlf 97177014


Erklæring og sikkerheit

Eg stadfestar at eg deltar på Skuggenatten 12-timars på eige ansvar.
Eg skal ikkje spørre arrangør om noko før eg har lest offisiell info.
Eg har lest og forstått sikkerheitsreglane og informasjon. Eg har sett meg inn i skriftleg og munnleg informasjon gjeven av arrangøren, og forstår at løpet til tider går i krevjande skogs- og fjellterreng.
Eg er sjølv ansvarlig for å ta meg trygt fram gjennom løpet, held sjølv nødvendig utstyr og proviant og er sjølv fysisk og psykisk rusta for løpet.
Eg pliktar å halde meg til den merka løypa.
Eg pliktar å rette meg etter dei beskjedar som blir gjeve av arrangøren.
Dersom det oppstår nødsituasjonar plikter eg å hjelpe til etter beste evne og melde i frå til arrangøren.
Eg rettar meg etter fjellvettreglane.
Eg er klar over at turen krev god fysisk form, kondisjon, uthaldenheit og ansvarleg vurderingsevne i fjellet.


ENGLISH:

Skuggenatten 12 hour hill race, Saturday, 18 June 9 am – 9 pm
How many times can you run up and down the Skuggenatten mountain in 12 hours?

General information:
Welcome to the only 12 hour hill/ up-and-down race in Norway! A challenging and social race through one of the most beautiful mountain tracks in the country, with panorama view all the way to the top. 60-70 % of the track is on bare rock face, 20 % on very nice forest path, and the rest on gravel road down by the start/finish area. You are free to use as much time per round as you want, and you can quit whenever you want.

Practical information:
The start, finish and turning point is at our club house at the Treungen sports arena. You can spend the night in a tent/camping trailer by the club house if you want to.

Self-service: You have to bring the equipment, food and drink that you need, which you place in a depot. (There will be cans of water there). Trash cans 400 meters after start/turning.

At the stadium there will be a bonfire, depot, toilets, shower, and the race directly from the runner`s GPS-trackers on big screen, for supporters and audience. When you end your race you are welcome to stay at the arena, have a nice time, and support those who are still running. Maybe a barbeque after the race? Everybody will help keep the track and the arena clean, cheer for each other and participate in the event in a good mood. You are free to use the arena’s facilities; changing rooms, showers, toliets, kitchen and refrigerator.

The race:
The start is Saturday 18 June at 09.00 AM. There are to classes: Women and men. The age limit is at 12. The marked track is to be followed at all times. It officially counts as one round when you have come back down. Your last round has to begin before the 11. hour (at 8 PM). The winner is the one with the most rounds (kilometers). If your number of rounds is the same as another runner, the time at the finish line counts. Every time you finish a round, your time will be written down on a poster.

The track:
One round is at 8,6 km (4 km up and 4,6 km down), and the elevation gain is at about 470 meters. The first and the last part of the round (appr. 1 km) are different from each other, otherwise you will meet other runners here and there along the track. The marking is very good (the most popular hiking track in the area). The start is at 250 meters above sea level, the top is at 706 meters. After five rounds you have run 43 km in length, which is an official ultra, and 2.350 meters elevation gain. After 10 rounds you have run 86 km in length and 4.700 meters elevation gain.

Costs, registration and prizes:
It costs 300 NOK to participate, and in addition 40 NOK in mandatory NFIF-license (extra insurance) if you do not have NFIF’s all-year license. You have to sign up before Thursday 16 June at 08.00AM. By registration, you accept that you are participating on your own responsibility and are following the race’s instructions and rules, which are published on the race’s website, http://treungenil.org/index.php?id=277&kat=9.
Registration here: REGISTRATION HERE

The prize is an exclusive proof as winner of Skuggenatten 12 hours 2016.
All participants can order the Skuggenatten 12 hours shirt directly from supplier afterwards.

More information, questions/ answers, pictures, a film of the track and more:
https://www.facebook.com/Skuggenattentolvtimars

Official information: http://treungenil.org/index.php?id=277&kat=9
Organizer: Treungen sports club. Contact Helge Reinholt, e-mail melding@inissedal.no , phone number 9717 7014

Declaration and security

I confirm that I am participating in Skuggenatten 12 hour at my own risk.
I have read and understood the safety rules and information. I have understood the written and spoken information given by the organizer, and accept that the race takes place in partly demanding woodland and mountain terrain.
I carry the necessary equipment and provisions, and I am physically and mentally equipped for the race.
I am obliged to keep to the marked trail.
I am obliged to abide by the messages given by the organizer.
In the event of emergency situations I will help as best I can and inform the organizer.
I know and follow The Norwegian Mountain Code.
I am aware that the race requires good physical fitness, stamina, endurance and good judgment in the mountains.



Kva skjer?

Oskar Nordli straks ferdig.

Styringsgruppa for Skuggenatten Opp