Treungen IL skidressar. Prøv,og bestill!

Treungen IL sponsar i år Trimtex skidressar til barn og unge som vil delta på våre treningar og/ eller gå skirenn, samt vaksne som går renn for klubben eller deltek som trenarar.
Treungen IL Trimtex skidressar - prøving og bestilling!

Skigruppa i Treungen IL jobber for å etablere eit aktivt skimiljø. I vinter vil vi sette i gang med faste treningar frå 1-10. klasse. Vi vil også arrangere skikarusell, som tidlegare år.
Treungen IL sponsar i år dressar til barn og unge som vil delta på våre treningar og/ eller gå skirenn, samt vaksne som går renn for klubben eller deltek som trenarar. Alle må vere medlemmar i Treungen IL.

Skidressane er av merket Trimtex. Dressane blir eigenprodusert for Treungen IL. Designet er enno ikkje heilt klart, men dressen kjem til å bli svart med nokre fine gule detaljar, og ha «Treungen IL ski» på ryggen. Dei er i ein litt tjukk og god kvalitet. Dressane finnas i str. 130, 140, 150, 160 og S-XXXL. Det er mogleg å få dressane i 5-10 cm ekstra lengde dersom det er behov for det. Barnedressane er litt små i størrelsane.
Vi har fått ein dress i kvar størrelse slik at dei som ynskjer det kan få prøve dressen og kjenne på kvaliteten. Bilde av dressane kan du sjå på linken under. Desse er heilt svarte, utan vårt design.

http://trimtex.no/produkt/trainer-plus-lzr-jacket/
http://trimtex.no/produkt/trainer-plus-tx-pants/


Det blir prøvetaking på Klubbhuset i Treungen onsdag 29.oktober frå kl. 18-19. Dei som ikkje har høve til å møte da kan ta kontakt med Asgeir for å gjere avtale utanom dette.

Pris for aktive medlemmar:
Barn 500,-
Vaksne 1000,-

Medlemmar som ikkje deltek i vår aktivitet kan kjøpe dressar til
Barn 1000,-
Vaksne 1400,-
Dette er ca 30% i fht utsalspris.

For at dressane skal bli ferdige til sesongen må vi bestille så fort som råd.

Bestillingsfrist: 5.nov.

For bestilling. Ta kontakt med Asgeir Solberg, Mette S Haugsjå eller Elin Fjalestad
Asgeir: asgeirsolberg@gmail.com tlf: 95221317
Mette: mette@haugsjaa.no tlf: 90100605
Elin: e-fjales@online.no tlf: 93877906

Kva skjer?

Erik Thorstvedt stakk innom