Medlemskontingenten aukar

Årsmøtet bestemte i februar 2014 at medlemskontingenten må auke frå 2015 til 500,- for familie og 200,- for enkeltmedlem. Kan hende synast nokon dette er mykje? I så fall, vit dette:
Prisen har ikkje blitt endra på 10-15 år. Nettopp på grunn av eit herleg samarbeid med kommunen (bl.a gratis lokale, så langt) og 100 % dugnad kan vi halde prisane så låge. Treningsavgiftene blir uendra, og hugs at andre stader kostar slike ting mange gonger meir. Vi har auka omsetninga mykje dei siste åra, men investerer såpass mykje at vi ikkje har overskot. Og vi held fram med å satse for framtida. Det har vore tid for mykje utskifting og oppussing av både anlegg og utstyr, og vi har hatt eit stort oppsving dei siste åra i aktivitetar. Klubben er gjeldfri, og vi håpar på framleis vekst, høg aktivitet og sunn økonomi, som fører til idrettsglede og folkehelse for folk i alle aldrar. Vi har ikkje gått med særleg overskot dei siste åra, men driv i balanse.

…og vi gjer alt saman på dugnad 

Klubbhuset er pussa opp dei par siste åra. Måling, straum, lyd, kiosk, utstyr, lager m.m.
Vi set no i gang arbeidet med å lage eit stort, ope tilbygg som kan brukas til alle arrangement.

Vi bruker ein del midlar på utstyr, og på klede til leiarar og arrangørar. Meir av dette etter kvart. Og vi har sponsa delar av den nye dressen til skigruppa. Det er viktig med litt uniformering, og gåver til trenarar, leiarar og insruktørar. Vi sender også folk på kurs der det er nødvendig. Slike ting er vi ikkje gjerrige på.

Vil du seie di meining, og påvirke utviklinga i idrettslaget: Alle medlemmar er velkomne på årsmøtet i februar. Send også gjerne ein e-post, til melding@inissedal.no

Kva skjer?

Flinke jenter sprang rundt og plukka søppel. Tusen takk for god innsats!