Vedtekter for Vandreskjold/ Ærespris

Her er vedtektene for utdeling av Treungen IL sin høgaste utmerking, med atterhald om årsmøtets godkjenning (febr 2015). Styret innstiller til årsmøtet to endringar - og framlegget ser du under. Endringane går ut på a) at styret, og ikkje bare årsmøtet, kan dele ut æresprisen ved rette høvet, og b) at prisvinnar ikkje bare skal ha gode idrettsresultat som bakgrunn for kåringa, men også at dugnadsarbeid eller annan innsats for laget, langt utover det vanlege, kan tele som kriterium for prisen.

Nye vedtekter for vandreskjold/ ærespris etter årsmøtet i februar 2015, styrets innstilling:

REGLAR FOR UTDELING AV VANDRESKJOLD
1. Må vere medlem av Treungen I.L.
2. Vandreskjoldet delast ut på årsmøtet (eller anna høve som er passande, som hovudstyret eventuelt finn lagleg), og må vinnast tre gonger for å kunne behaldast til odel og eige.
3. Hovudstyret står for kåringa, etter at ein har bede medlemmene via nettside/ sosiale medier om framlegg. Dersom det fleire kandidatar, stemmast det skriftleg.
4. Vinnaren må anten ha utmerkt seg med eitt eller fleire særs gode resultat i tevling(ar) der det er med deltakarar frå andre klubbar, eller ha gjort ein framifrå innsats for klubben på anna vis, til dømes gjennom dugnad eller anna type bidrag.
5. Vinnaren av vandreskjoldet har ansvar for det inntil ny vinnar er kåra.

Kva skjer?

Pallen totalt menn: 1. Tomas Bereket, Larvik Turn, tid 24.04, 2. Svein Olav Utistog, Vinje IL, tid 26.43, 3. Dag Blandkjenn, Kristiansand IF, tid 27.02. GRATULERER MED IMPONERANDE RESULTAT!