Æresprisen til Margit Johansen

Styret var i liten tvil denne gonga, etter at Margit, som har vore med sidan 1976 (og starta opp att laget) la ned ein så enorm innsats slik at idrettslaget fekk si eiga jubileumsbok. Grunngjevinga for prisen, som er namnet på vandreskjold, diplom og gåvekort på 1000,- kroner på MX Sport Treungen:

Treungen Idrettslags ærespris blir delt ut i 2015 til ein person som har fortent denne i mange år. Ho og ektemannen var svært aktive på mange felt i laget heilt sidan 1976, og dei var med i den sentrale og uvurderlege gjengen som starta opp att idrettslaget. Denne innsatsen på mange ulike måtar gjennom mange, mange år, har vore svært viktig for utviklinga av laget, og til glede for så veldig mange. Kor mange timar som har gått med, og dermed til gode for bygda på så mange vis, er det ingen som veit. Det største dugnadsarbeidet blei kan hende skrivinga av jubileumsboka, der ein lett kan seie at over eitt år av livet hennar blei gitt til idrettslaget. Det er meir enn sjølvsagt at æresprisen går til Margit Johansen.

Kva skjer?