Referat frå årsmøtet for året 2014

Årsmøtet blei halde på klubbhuset vårt fredag den 13. februar 2015. Om lag 20 medlemmar møtte, der vi hadde eit triveleg møte med ordinære saker, god mat som var sørga for av blant anna Knut Oddvar Nes, eldsjelpris, ærespris og kos rundt bålet utafor. Vi har eit motivert og livskraftig styre det neste året. Her er referatet:

Referat frå Årsmøte i Treungen IL
13 februar 2015, klubbhuset Treungen

1. Godkjenne dei som har stemmerett. Om lag 20 medlemmar var tilstades.
Einstemming vedtatt

2. Godkjenne innkalling, saksliste og møtereglar
Einstemming vedtatt

3. Velje dirigent, referent og 2 medlemer til å skrive under protokollen
Helge Reinholt valt til dirigent
Hølje Haugsjå valt til referent
Leif Lauvdal og Arne Roar Rygh valt til å skrive under protokollen.

4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar
Leiar las opp årsmelding
Årsmeldinga einstemming vedtatt

5. Handsame idrettslaget sin reviderte rekneskap.
Rekneskapsansvarleg Unni Løken presenterte rekneskapen for 2014, som syner omsetnad på over 700.000 og eit underskot på om lag 60.000. Kommentar og forklaring på underskotet var fyrst og framst oppussing av klubbhuset.
Rekneskapen for 2014 blei einstemming vedtatt.

6. Handsame innkomne forslag og saker
Frå styret: Godkjenne låneopptak. Framlegg til vedtak: Treungen IL takkar ja til lånetilsagn frå Sparebanken Sør på kr. 118 000, som ein tredjedel av summen til tilbygg, på sperra konto slik spelemiddelkriteria tilseier. Det skal tilstrevast å ikkje bruke lånet. Styreleiar og nestleiar underskriver lånet. Vedtak: Einstemming vedtatt

7. Frå styret: Endring av vedtekter til vandreskjoldet. Kort sagt: Ikkje bare idrettslege prestasjonar, men også innsats over tid eller spesielle bidrag til laget kan kvalifisere til prisen. Styret kan gje den ut i andre høve enn årsmøtet. Framlegg til vedtak: Einstemming vedteken

8. Fastsette medlemskontingent
Framlegg: 200,- per enkeltperson og 500,- pr familie
150,- for enkeltperson under 18. Einstemming vedteken

9. Budsjett 2015
Styret har lagt fram budsjett som står i rekneskapen, med 60.000,- i pluss.
Einstemming vedtatt

10. Handsame Idrettslaget sin organisasjonsplan
Framlegg: Organisasjonsplanen er ivaretatt av informasjonen på lagets nettside.
Framlegget blei einstemming vedtatt

11. Val
a. Val av folk til hovudstyret:
Ikkje på val: Unni Britt, Unni, Herdis, Knut, Oddvar, Helge. Tre nye skal veljast inn i styret. Framlegg frå valkomiteen til nye styremedlemmer: Asgeir Solberg, Hølje Haugsjå og Marie Kornmo Enger
b. Hovedstyret i Treungen IL for 2015 blir følgande:
Helge Reinholt
Unni Britt Hansen
Unni Løken
Knut Oddvar Nes
Asgeir Solberg
Hølje Haugsjå
Marie Kornmo Enger
c. Helge Reinholt blei attvald til leiar, Unni Løken som nestleiar
d. Olav G. Tveit og Arne Roar Rygh blei valt til varamedlemmer.
e. Laiarar/styre i dei ulike gruppene:
Slik som framlagt i sakslista med ei endring: Asgeir Solberg med i skigruppa
f. Jørgen Grundt og Lill Antonsen blei valt til revisorar.
g. Styret får mandat til å sende representantar til ting og møte der laget har representasjons- og stemmerett.
h. Valkomite: Anne Margrethe Holte (leiar), Anne Karin Grimstvedt og Harald Valle blei vald, med Tone Reinholt som vara.

12. Handlingsplan
Leiar las opp handlingsplan for Treungen IL. Einstemming vedtatt

Etter dei formelle sakene delte styret ut eldsjelprisen til Hølje Haugsjå og æresprisen med vandreskjoldet til Margit Johansen.

Referent: Hølje Haugsjå

Kva skjer?

Rune Johansen, Treungen IL, i midten