Info om Nisserstien

(Heilt nederst i saka får du også fakta om Nisser - Telemarks største innsjø)

Nisserstien går langs vår vakre «fjord» mellom Steinufsbukta i Tveitsund, og Lia. Seks kilometer er ganske langt i terreng. Men det er ein av fordelane med Nisserstien, at den ligg i nærområdet, med tilstøtande vegar og stiar nesten overalt. Dermed kan du gå den delen som passar deg.

Nisserstien går på nokon nye, og nokon veldig, veldig gamle stiar. Det har i tusenvis av år vore jakt- og fiskestiar her og der langs Nisser, og det er kjekt å tenke på når vi går. Men tursti som rekreasjon er ganske nytt. Treungen Idrettslag har rydda og merka mange stiar sidan 80-tallet, både langs Nisser og på mange andre stiar i skog, hei og fjell i Treungen. Det er eit uhorveleg stort tal på dugnadstimar som er lagt ned i desse åra, til saging og rydding, brumaking, klopping, merking, vedlikehald, info, søknader m.m.

No er alle dei ulike stiane langs Nisser kobla sammen, slik at vi har 6 km samanhengande sti langs Nisser, og mange fleire mil i same bygda og i same nettverk. Og arbeidet kjem til å fortsette, både her og på andre stiar.

Det å gå tur er heilt gratis, og samstundes ein av dei beste formene for aktivitet som finnast. Og jo fleire som går, jo finare held stiane seg. Det er lov å plukke kvistar, og hjelpe til med å halde stien fin. Det er heller ikkje dumt om du går ikkje bare akkurat midt i stien heile tida, så blir den brei og fin.

Vi er svært takknemlege for positivt innstilte grunneigarar, for samarbeidet med Nissedal kommune, for ulike bidragsytarar og hjelparar, og for alle dugnadstimane som medlemmane legg ned.

Men det vi er aller mest takknemlege for, er at folk bruker stiane, og sjå at folk er i aktivitet. Det gir nemleg stor glede i å gjere eit arbeid som ein sjølv ikkje tener direkte pengar på, men som mange andre får glede av.

FAKTA OM NISSER


Nisser er Telemarks største innsjø, ca 40 km lang, og er ein del av
Arendalsvassdraget, Noregs mest utbygde. Namnet Nisser kjem av norrønt
«Nidsær» – den nedre sjøen – saman med Vråvatn i nord – den øvre sjøen.
Slusene mellom Nisser og Vråvatn er Nord-Europas høgast beliggande,
250 moh. Namnet Nissedal kan altså oversettast med Nedresjø-dalen,
og har ingenting med nisseluvene i kommunevåpenet å gjere. Langs Nisser,
på vestsida, finnast det som skal vere Nord-Europas lengste samanhengande sandstrandområdet, på ca 15 km. Elles finnast her spor frå bronsealderen:
Gravrøysene ute på Røyrodden (langs stien, 4 km her frå) ogSør-Noregs eldste
hellemåling, «Den Dansande Mannen», på andre sida av vatnet.


Kva skjer?

Nils og Helge følgde kvarandre nesten heile vegen. Her er dei litt for tøffe i trynet og vinkar til fotgrafen. Slikt kan straffe seg...

Snekkar Andreas van Tunen (til høgre), blei leigd til å bore fundament, sette opp konstruksjon i solid bindingsverk, og leggje tak. Men han har gjort mange, mange dugnadstimar også!