TIL MEDLEMMAR - FAST ORGANISERING

Her er hovdstyrets gjennomarbeidde, faste mal for organisering og fordeling av arbeid til Nissedalsmarken. Hugs at vi er heldige som har denne dagen, og slepp veldig mykje anne dugnadsarbeid på grunn av det gode overskotet vi får. Malen er både i rein tekst nedafor her, og som vedlegg, til utskrift.
Nissedalsmarken - fast organisering/ mal


Dette er den eine dugnadsdagen i året der vi sørger for godt overskot - og slik slepp me mykje dugnad resten av året, som basarar, lotteri o.l. Vi reknar derfor med at folk stiller opp og tar ansvar.


Dette har hovudstyret bestemt, etter mange møter og grundig vurdering:


Seks avdelingar til planlegging og gjennomføring, og minst ein frå kvar av desse utgjer marknadskomiteen.


Alle gruppene ordnar sjølve og kan hente inn hjelp frå andre. Hølje, tlf 90171814 er styrets representant i 2016, Helge tlf 97177014 gir info der det er nødvendig, før marken.



1. Leiing før og under: Ein frå styret (Hølje) + minst ein til frå komiteen, eller andre (dvs info, avtaler og annonsering i godt tid før, oversyn og avgjersler på dagen. Oppdatert info på Facebook (eigen side for marken) er viktig, der litt program og info til utstillarar. Treungen IL disponerer heile sentrum frå fredag kl 15, minus parkering foran Prix. Vi disponerer altså også området bak Prix mot vatnet, og heile området mellom Prix og brua. Her er det viktig å minimere den aukande bubilcampingen i samband med festivalen. Kommunisere med kommunen her. Rådmannen har delegeringsmyndigheit. Vi har langtidsavtale på bruk av sentrum denne dagen. Fast tilskot på 10.000,- frå kommunen til annonsering.)



2. Underhaldning: Spinning-gruppa, Tone 45253138. (Bestemme og bestille, eller organisere noko sjølv, ordne konfransier. (Ein frå leiinga kan også vere konfransier/ info-ansvarleg.) Underhaldninga består som regel i opning ved ordførar, annonsering av turbok-vinnarar, og deretter årets underhaldningsinnslag, som må vere noko artig for heile familien, spesielt små born. Alt dette skjer mellom kl 12 og 13. Noko meir underhaldning er truleg ikkje nødvendig, sidan bodane ønskjer folk. Det er også auksjon kl 14, ved Frikyrkja.)


3. Utstillarar. (Jeger og Fisk har dette no) Kai Halvor tlf 90858766.



4. Fotballkafeen. Fotballgruppa. Ann Kristin Kåsi tlf 99258166.



5. Portar/ inngang. (Stempel og vekslepengar: Snakk med kasserar Unni, tlf 90763665. Ein ansvarleg for å samle inn pengar undervegs og evt ordne meir vekslepengar. Det må vere to tilstades på kvar port til ein kvar tid – minst ein over 18. Ver strenge med kontroll.)

Ein port på Zumba/ Sirkeltrening/ Volleyball (dei fordeler sjølve) (Unni 90763665, Marit 40828099, Anders 40041563.
Ein port på Spinninggruppa. Tone, tlf 4525 3138
Frikyrkja har den tredje porten. (Bandy og ski har pause eit par år.)



6. Praktisk på området: Turgruppa, Unni Britt tlf 93215377. (Tilrettelegging før og etter. Søppeldunkar, hente eller gjere avtale med Iata (Alfred Eilefstjønn), hente utstyr (telt, gult trekkspeltelt 6x3 m, lydutstyr (ein direkte høgtalar med mikrofon, klubbhuset), sperre av området laurdag morgon kl 08. Sperreband bestillast på Byggern. Sette opp skilt fredag ettermiddag om at alle bilar må vere ute fredag kl 18 seinast. Parkeringsskilt ned mot Jacobs Brygge, området mellom Prix og brua, og jordet til Anna Støyl ved brua ved krysset. (Sjekk at nokon slår graset der før marken. Vi har gratis parkering. Best med parkeringsvakter som kan «stable» bilar.)

[LAST NED DOKUMENT]

Kva skjer?