Vandelsattest/ politiattest

Det er no forsterka krav om vandelsattest. Alle som arbeider med mindreårige i idretslaget - også friviljuge - må ha vandelsattest. Det er fort gjort, men må gjerast snarast. Du må kunne framvise vandelsattest ved spørsmål om det, og det vil bli tatt ein sjekk i løpet av haust/ vinter 15-16.
Dette er eit krav som blei fastsett av Staten for snart to år sidan. Alle som er instruktørar, trenarar, gruppeleiarar eller har anna ansvar der mindreårige er involvert, må no levere inn vandelsattest. Søknadsskjema finn du HER. Skriv ut skjemaet, fyll ut, lever til Unni Løken, så signerer idrettslaget og leverer til politiet.

Årsaka til dette kravet er å minske faren for seksuelle overgrep på mindreårige. Folk som har vore straffa for slikt før blir dermed automatisk utelukka.

Kva skjer?

Imponerande av 13-åringen frå Kristiansand. Han sprang på 27.02, eitt sekund raskare enn fjorårsvinnaren.

Her kjem nr 2 i kvinneklassa, Gunhild Halle Haugen.