Solberg-klanen vann Nissedalscupen 2011

Men dei fekk kamp til døra og vel så det, i eit vellykka arrangement som gav meirsmak. 3. joledag neste år blir det ny innebandyturnering. Bilete finn du i galleriet, og resulata finn du her:
Om lag 30 personar fordelt på åtte lag, seriespel i to puljer, semifinaler, bronsefinale og finale, 10-12 publikummarar og høg innsats og spenning. Tidenes fyrste innebandyturnering i Treungen IL i samarbeid med Nissedal IL gjekk av stabelen på måndag, og alle var samde om at det var gildt med ei slik tevling. Tre brødre Solberg, Asgeir, Jostein og Sigbjørn, med fetter Magnus på laget, tapte ikkje ein einaste kamp. I finalen måtte det forlenga speletid for å kåre vinnaren - Inge Egil Hauge, Tor Jakob Tveit, John Trondsen og Helge Reinholt tok nesten innersvingen på Solbergane. Liten tvil var det uansett om at det beste laget vann, og Asgeir tok bestemannspremien uten konkurranse. Fairplayprisen gjekk til Lars Straand. Ein ekstra takk til Øyvind Tveit som kom innom og hjalp til med målprotokollen, og ein stor og varm takk til Arne Roar Rygh som gjorde ein perfekt innsats som dommar.

Resultat Nissedalscupen i innebandy 27.des 2010
Lag nummer:
1. Gunnar G Tveit, Håvard Rekvik, Tor G. Stokstad
2. Inge Egil Hauge, Helge Reinholt, Tor Jakob Tveit, (John Thronsen f.o.m semifinalen)
3. Asle Nes, Olav G Tveit, Øystein Leirvik, Gjermund Rygh
4. Jan Inge Rygh, Mats Eriksen, Alexander Aase, (Jan Aage Nordbø dei siste kampane)
5. Jostein, Asgeir, Sigbjørn og Magnus Solberg
6. Even Holskar, Rune Sanden, Andreas Leirvik, Egil Tveit
7. John Thronsen, Jan Rune Grave, Jan Aage Nordbø
8. Ragnar Aarak, Lars Straand, Jon Olav Nordbø


Pulje 1 kampoppsett Pulje 2 kampoppsett
Lag resultat ...... Lag resultat
1 mot 3: 1-3 ....... 2 mot 4: 4-0
5 mot 7: 7-1 ....... 6 mot 8: 2-2
1 mot 5: 3-4 ....... 2 mot 6: 1-1
3 mot 7: 5-0 ....... 4 mot 8: 2-1
1 mot 7: 3-1 ....... 2 mot 8: 5-0
3 mot 5: 1-6 ....... 4 mot 6: 2-1

Tabell pulje 1 etter innleiande runder
.......Målforskj. Seire Uavgjort Tap Poeng
Lag 5 ... 17-5 .... 3 .... 0 .... 0 .... 6
Lag 3 .... 9-7 .... 2 .... 0 .... 1 .... 4
Lag 1 .... 7-8 .... 1 .... 0 .... 2 .... 2
Lag 7 .... 2-15 .... 0 .... 0 .... 3 .... 0

Tabell pulje 2 etter innleiande runder
....... Målforskj. Seire Uavgjort Tap Poeng
Lag 2 ... 10-1 .... 2 .... 1 .... 0 .... 5
Lag 4 .... 4-6 .... 2 .... 0 .... 1 .... 4
Lag 6 .... 4-5 .... 0 .... 2 .... 1 .... 2
Lag 8 .... 3-9 .... 0 .... 1 .... 2 .... 1

Semifinale 1: Lag 2 - Lag 3 resultat: 5 - 3
Semifinale 2: Lag 5 - Lag 4 resultat: 4 - 2

Bronsefinale: Lag 4 - Lag 3 resultat: 4 - 3
Finale: Lag 5 - Lag 2 resultat: 2 - 1 etter sudden death.

8 minutters kamper i gruppespill, 8 min semifinaler og bronsefinale, 2 x 5 min finale

Kva skjer?

Tomas Bereket er total overlegen