Medlemskap og treningsavgifter

Alle medlemmar, både små og store, skal no registrere namn, fødselsdato, telefon og e-postadresse - og dersom ikkje din gruppeleiar/ trenar/ instruktør har fått dette, så ta kontakt, eller, dersom du ikkje er med på ei gruppe, så gje detaljane til Jørgen Grundt, tlf 98498325, eller helst e-post, grujor@icloud.com . Alle skal neste gong dei skal betale, prøve å registrere brukar i MinIdrett, og registrere seg som medlem der, dersom Jørgen ikkje har gjort det. HER ER BETALINGSINFO OG PRISAR:

Er du med på aktivitet i Treungen IL? Då må du også vere betalande medlem i eit av kommunens idrettslag, og betale treningsavgift på nokre av aktivitetene.


MEDLEMSKAP Treungen IL:
Hugs å skrive namn og alder på kven som er med på familiemedlemskapet. Kontonummer medlemskap: 2714 58 03336
Familie: Kr. 500,-
Enkeltperson: Kr. 200,-
Enkeltperson under 18: 150,-

NB: Skriv tydeleg på betalingsinformasjonen kven medlemskapet gjeld for, samt alder!

(friviljug lisens for ikkje-aktive støttemedlemmar: valfritt beløp. På førehand takk for bidraget til innsats for folkehelsa i Nissedal! )

TRENINGSAVGIFT FLEIRBRUKSHUSET
(Treningsavgifta har kontonummer: 2714 10 05966. Snakk med instruktøren om betaling/ utdeling av giro)

Kommunestyret har vedtatt å ta leige i Fleirbrukshuset. Dette medfører om lag kr. 30.000,- i året for Treungen IL. Derfor skal no alle betale treningsavgift, så vi får dekt inn dette. Prisene er likevel, og framleis, svært låge samanlikna med andre. Styret har vedtatt denne ordninga:

• Spinning og zumba aukar med 100,- i semesteret (altså kr 500,-).
• Fotball, volleyball, trimboksing, sirkeltrening, innebandy og evt andre kostar 200,- i semesteret.
• Er ein med på fleire enn ein aktivitet er det halv pris på resten. (Full pris på den dyraste.)
• Dette gjeld frå 1. januar 2016.
• Ingen treningsavgifter for personar under 18 år.

(Fotball og ski har eigne ordningar)


Forklar TYDELEG på betalingsinfo kva du har betalt for.

Instruktørane har elles oversikt og kan gi deg den informasjonen du treng.

Kva skjer?

Fleire hundre personar på toppen er klare for å ta i mot løparane  - frå nasjonalt proffe til lokale, tøffe amatørar.

Spennande innspurt!