Årsmelding for 2010

Det har vore årsmøte i Treungen Idrettslag, og årsmeldinga vitnar om eit aktivt og vellukka år.
Årsmelding 2010, Treungen Idrettslag, vedtatt på årsmøtet 19. januar.

Det har vore eit godt år for idrettslaget med fleire nye medlemmar og nye aktivitetar. Talet på betalande medlemmar er no 250, noko som er om lag 100 meir enn tidlegare år.

Aktivitetar i 2010: Fotball, ski, spinning, turgruppe, Skuggenatten Opp, volleyball, innebandy, corebar, barneidrett, trimboksing, Nissedalsmarken. I tillegg samarbeid med 4H om gapahuk, og med Trygge Nissedal og kommunen om folkesti, og arbeid med planar for utbetring av idrettsanlegget/ klubbhus, samt matsal på fisketevling på Bjønntjønn.

Styret har hatt møte om lag ein gong i månaden. Styremedlemmer har totalt i løpet av året vore 9 personar, Unni Løken, kasserar, Susanne Halland, Unni Britt Hansen, Mona Mevik, nestleiar, Ann Cristin Joranger, Tove Solli, skrivar, Olav Nilsen, Even Holskar, Helge Reinholt, leiar.

Fotball: Det har vore seks lag i aksjon i år, frå 1.klasse og opp til 14-åringane, med over 50 spelarar. Nokre av spelarane kjem frå Nissedal IL. Det har vore mange gode resultat og fleire av laga har gjort det bra. Mange trenarar har lagt ned svært mykje verdifull innsats i trening og tilrettelegging, og skal ha stor takk for det, og føresette har hjelpt til med køyring, draktvask og kiosk under kampane. Det er ønskjeleg med betre rekruttering til fotballen for å klare å halde nivået og antal lag oppe. Eit svært vellukka arrangement var når vi hadde Stabæks juniorlag her i to dagar, som trente saman med tjuge 10-15-åringar frå Treungen.
Fotballgruppa ynskjer betre standard og vedlikehald på banen enn tilfellet var i 2010, og håpar på ei god utvikling i rutinar og avtaler her.

Spinning: Dette er den største vaksengruppa i idrettslaget med om lag 70 spinnarar kvar einaste veke fordelt på seks grupper. Idrettslaget har no fem instruktørar. Det har også vore eit par ungdomsgrupper, men dette har ikkje satt seg enno. Kommunen vedtok i desember å innreie det uferdige romet i fleirbrukshuset slik at vi kan ha spinningsyklane der. Det har vore ei svært god utvikling i denne aktiviteten. Syklane er eigd av kommunen og idrettslaget (Treungen IL har betalt nesten ein tredjepart av syklane). Førebels kostar det ingenting å låne kinosalen til spinningrom, vi får sjå kva ordning ein skal gå inn på i det nye spinningrommet som skal pussast opp i 2011. Idrettslaget står for drifta av spinningtilbodet og får dermed alle inntektene. Innbetalingane blir gjort ein gong kvart halvår, og blir merka med ”spinning”. Meininga er at overskot i spinninggruppa skal brukast til nye syklar, vedlikehald, kursing osv.

Skigruppa: Vi fikk køyrd opp preparerte løyper heile vinteren ved hjelp av Morten Solberg, og betalte 3.000 kroner for drivstoff til tråkkemaskina. Morten gjorde arbeidet på dugnad og skal ha stor takk for det. Det var mykje folk i løypene langs lina og i lysløypa heile vinteren. I samarbeid med Nissedal IL var det skitrening og skikarusell for ungane i Baksås fleire gonger i løpet av sesongen, med Geir Halvor Løyte som instruktør. Om lag 20 ungar frå Treungen deltok på dette. Det har også vore personar frå Treungen IL med på rulleskitrening i Nissedal IL i haust. Det blei i samarbeid med Barneidretten arrangert ein vellukka skidag på idrettsbanen. I haust har det vore dugnad i lysløypa, og oppdraget med oppgradering etter krav frå Vtk er no gitt til Drangedal Elektriske. Det er bestemt å utvide lysløypa nordover langs lina bort til klubbhuset. Vi har fått 22 lysstolper av VTK til dette, men eksisterande telefonstolpar langs lina må også kunne brukast. Dei nye stolpane kan vere langs og rundt idrettsbanen og andre stader der det er behov.
I eine enden av lysløypa vil det i løpet av 2011 bli sett opp ein stor gapahuk i samarbeid med Trenissen 4H. Det er elles eit mål om meir aktivitet og fleire skisamlingar på idrettsbanen, men dette er litt avhengig av lys.

Folkesti: Unni Brittog Helge har vore på fleire møte samt befaring saman med Trygge Nissedal og kommunen, der målet er å etablere ein såkalla universelt utforma sti, tilrettelagt for alle, også rullestolbrukarar. Stien er planlagt frå Sommarsletta, via Evja og bak industriområdet, mot idrettsanlegget til lina, og lina attende til Sommarsletta. Eit omfattande planarbeid er i gang.
Innebandy: Det er godt oppmøte både blant ungar og vaksne. I romjola blei det arrangert ein vellukka turnering i samarbeid med Nissedal IL. Det er kjøpt inn rundvant til kr 30.000,- og det blir arbeidd med å selge sponsorplass for å få inn att mest mogleg av desse utgiftene.

Turgruppa: I samarbeid med Havrefjell turlag er det arrangert fleire heiturar. Den viktigaste aktiviteten i haust har vore dugnad på turstiane i Røyråsen og Årakåsen. Dette har skaffa idrettslaget 20.000 kroner frå kommunen. Det har også i år vore ordning med bøker på toppane der folk kan skrive namnet sitt. Dette er ei god ordning, og styret har snakka om å gje meir merksemd rundt dette.

Volleyball: Treungen IL ynskjer eit større volleyballmiljø. Det er jamlege treningar for damer og menn, men det kan godt kome fleire. Det har kome i gang treningar også for ungdomsskulen, og det siste er at no blir det også trening for mellomtrinnet. Det blei arrangert ein sandvolleyballdag, og elles var det godt med folk i Evja i sommar. Ny grunneigar av sandvvolleyballbanen er Arve Aarak.

Corebar: Vi sendte Guri Holdte på kurs i Oslo i november, og dette blei suksess med ein gong, og meir utstyr måtte kjøpast inn. Ved årsskiftet var det 25 faste som trener kvar måndag.

Friidrett/ Skuggenatten Opp: Initiativtakar Olav Nilsen sette i gang, og idrettslaget arrangerte områdets fyrste motbakkeløp nokonsinne, i juni. Det blei suksess på nesten alle område, med god blest og mediadekning, 170 deltakarar og arrangementsrekneskap i balanse. Arrangementet vil bli gjentatt i 2011, den 4. juni. Dette er eit stort arrangement med behov for god organisering, og den innsatsen som alle gjorde for å få dette i havn er utruleg verdifull. Stor takk til alle, og spesielt til Olav som gjorde dette lyftet mogleg.

Barneidretten: Dette nye tiltaket frå i fjor har hatt godt oppmøte, også med born frå andre grender i kommunen. Barneidretten blir gjennomført annankvar veke. Om lag 40 ulike born har vore innom i 2010. Barneidretten arrangerte også Nissemarsj i desember, med om lag 25 born pluss føresette som gjekk i tog til Omsorgsheimen. Det er stor samfunnsøkonomisk gevinst i barneidrett, derfor er det stor ære til dei som gjennomfører dette.

Nissedalsmarken: Fotballkafeog billettinntekter førte til om lag 50.000 i overskot for idrettslaget. Fleire personar møtte ikkje til dugnad som avtalt, og ga ikkje melding om dette sjølv om dei sto på liste, og dette førte til litt for mykje arbeid på få personar. Dei som jobba fortener ein ekstra takk. Planlegging for neste marken er i gang for å bl.a sikre betre bemanning og rutiner.

Matsal Bjønntjønn: Treungen IL tok på seg matsal under fisketevlinga på Bjønntjønn, og gjekk i godt pluss, men det var så vidt vi klarte å gjennomføre dette midt i fellesferien. Det vil ikkje bli gjentatt. Stor takk til Mona og dei andre som stod og selde mat i eit døgn.

Idrettsrådet: Det har vore eitt møte, det vil bli fleire i 2011. Idrettsrådet er sett saman av representar frå alle idrettslaga i kommunen samt kommunens tilsette på kultur - Anne Espelid. Idrettsrådet er ein god plattform for bl.a. samarbeid og kurs.

På nett: I løpet av året fekk vi eiga nettside, og denne inneheld det meste som finnast av informasjon. Vi håpar den vil bli ein naturleg nettstad å bruke ofte for mange i bygda. Vi gjekk også på Facebook i løpet av året, og dette har vore ein fin måte å marknadsføre aktivitetar på.

Økonomi: Økonomien er tilfredsstillande i Treungen IL. Underskotet på drøye 30.000 i 2010 skuldast eingongsinnkjøp av ein god del utstyr som følgje av nye aktivitetar. Nissedalsmarken er ei svært god inntektskjelde, og det er viktig å få alle deltakarar til å betale medlemskap. Rett idrettstelling hjelper også på økonomien. Framover skal vi fokusere ein del meir på tilskotsordningar - det er mykje å hente på søknadar til alle som gir tilskot til det vi driv med.

Samarbeid: Vi er glade for det gode samarbeidet med kommunen, særskild v/ Anne Espelid og Kai Halvor Juva. Samarbeid og god kommunikasjon fører til god utvikling og effektiv planlegging.

Dugnadsinnsats: Treungen IL ønskjer å rette ein spesiell takk til alle som har bidratt med dugnadsinnsats det siste året. Utan denne innsatsen er det ikkje mogleg å drive på det nivået vi gjer i dag. Slik dugnadsinnsats er uvurderleg, og alle som har bidratt skal vite at dei blir sett stor pris på.

Revisor har vore Margit Johansen, vi retter ein hjarteleg takk for godt arbeid. Ein stor takk også til kasserar Unni som har spart idrettslaget for store utgifter ved å ha tatt rekneskapen på ein profesjonell måte og brukt mange timar på dette.

Treungen, januar 2011

Styret i Treungen Idrettslag

Kva skjer?

Mannskapet for målgang og tidtaking er klare. Folka på toppen gjer ein uvurderleg jobb!