Årsmøte i Nissedal Idrettsråd

Idrettsrådet er ei samarbeidssamanslutning av kommunens representant og alle sports- og idrettslag i kommunen.
I byrjinga av februar var det årsmøte i Nissedal Idrettsråd. Denne samanslutninga fordeler visse midlar fordelt på medlemstal, er ein plattform for samarbeid og tiltak og arrangement, og bl.a utveksling av erfaring og kompetanse. John Trondsen (Nissedal IL) tok attval som leiar, nestleiar er Mona Mevik (Treungen Hestsportsklubb), , og styremedlemmer er Stein Skåli (Felle IL) og Helge Reinholt (Treungen IL). Varamedlemmer er Geir Halvor Løyte (Nissedal IL) og Linda Solberg (Treungen IL). Linda er også kasserar. Sekretær for Nissedal Idrettsråd skal vere kommunens representant, som er Anne Espelid, einingsleiar for kultur. På møtet var det besøk Øyvind Gonsholt av frå Telemark Idrettskrets for orienterte om organisasjonen, moglegheiter for idrettslaga, møte og kurs.
Biletet: Frå venstre Mona Mevik, Anne Espelid, Øyvind Gonsholt, John Trondsen, Geir Halvor Løyte, Linda Solberg, Stein Skåli. Foto: Helge Reinholt.

Kva skjer?

Her kjem nr 2 i kvinneklassa, Gunhild Halle Haugen.