Grasrotandel til Treungen IL

Vi ber deg som tippar om å registrer din grasrotandel til Treungen IL. Mykje pengar å hente for idrettslaget. Pråv å hugse det neste gang du står og skal levere kupongane. På fårehand tusen takk!

[LES MEIR]


Medlemskap og treningsavgifter

Alle medlemmar, både små og store, skal no registrere namn, fødselsdato, telefon og e-postadresse - og dersom ikkje din gruppeleiar/ trenar/ instruktør har fått dette, så ta kontakt, eller, dersom du ikkje er med på ei gruppe, så gje detaljane til Jørgen Grundt, tlf 98498325, eller helst e-post, grujor@icloud.com . Alle skal neste gong dei skal betale, prøve å registrere brukar i MinIdrett, og registrere seg som medlem der, dersom Jørgen ikkje har gjort det. HER ER BETALINGSINFO OG PRISAR:

[LES MEIR]


Jubileumsboka i salg

Jubileumsboka Treungen IL 1906 - 2006 er til sals på Best, Byggern, Prix og Spar. Innhald:

[LES MEIR]


Vandelsattest/ politiattest

Det er no forsterka krav om vandelsattest. Alle som arbeider med mindreårige i idretslaget - også friviljuge - må ha vandelsattest. Det er fort gjort, men må gjerast snarast. Du må kunne framvise vandelsattest ved spørsmål om det, og det vil bli tatt ein sjekk i løpet av haust/ vinter 15-16.

[LES MEIR]


Handlingsplan for Treungen IL 2012 + +

Her er handlingsplanen for Treungen IL som blei vedtatt på årsmåtet 19. februar 2012.

[LES MEIR]
[LAST NED DOKUMENT]


Målprisen til Treungen IL

På Nissedal Mållag sin kveld fekk Treungen Idrettslag årets Målblome, for framifrå bruk av nynorsk dei siste åra. Vi seier tusen takk, det er ei stor åre, og lovar å halde fram med språkbruk på god nynorsk, gjerne med innslag av Treungendialekt, i våre kanalar.

[LES MEIR]


Æresprisen til Margit Johansen

Styret var i liten tvil denne gonga, etter at Margit, som har vore med sidan 1976 (og starta opp att laget) la ned ein så enorm innsats slik at idrettslaget fekk si eiga jubileumsbok. Grunngjevinga for prisen, som er namnet på vandreskjold, diplom og gåvekort på 1000,- kroner på MX Sport Treungen:

[LES MEIR]


Eldsjelprisen til Hølje Haugsjå

Det var ein overraska Hålje Haugsjå som mottok Eldsjelprisen 2015 på idrettslagets årsmåte. Han meinte det var litt tidleg - men styret var sikker i si sak. Grunngjevinga:

[LES MEIR]


Referat frå årsmøtet for året 2014

Årsmøtet blei halde på klubbhuset vårt fredag den 13. februar 2015. Om lag 20 medlemmar møtte, der vi hadde eit triveleg møte med ordinære saker, god mat som var sørga for av blant anna Knut Oddvar Nes, eldsjelpris, ærespris og kos rundt bålet utafor. Vi har eit motivert og livskraftig styre det neste året. Her er referatet:

[LES MEIR]


Vedtekter for Vandreskjold/ Ærespris

Her er vedtektene for utdeling av Treungen IL sin høgaste utmerking, med atterhald om årsmøtets godkjenning (febr 2015). Styret innstiller til årsmøtet to endringar - og framlegget ser du under. Endringane går ut på a) at styret, og ikkje bare årsmøtet, kan dele ut æresprisen ved rette høvet, og b) at prisvinnar ikkje bare skal ha gode idrettsresultat som bakgrunn for kåringa, men også at dugnadsarbeid eller annan innsats for laget, langt utover det vanlege, kan tele som kriterium for prisen.

[LES MEIR]


Vedtekter for Treungen IL

Her er vedtektene (lov) til Treungen IL, vedtatt 2016. Dette er standard NIF lovnorm som alle idrettslag er underlagt.

[LES MEIR]


Årsmeldinga for året 2013

Vedtatt på årsmøtet 2. mars 2014.

[LES MEIR]


Æresprisen til Torstein Tarraldsen

På årsmåtet til Treungen Idrettslag 2. mars blei æresprisen delt ut til ein som verkeleg fortener det, etter 35 år som svært aktiv i idretten i bygda, og som viktig bidragsytar til utviklinga i laget heilt sidan 1979. Her er styrets grunngjeving:

[LES MEIR]


Årsmeldinga for året 2014

Vedtatt på årsmåtet 13. februar 2015.

[LES MEIR]


Elektronisk medlemsregister

TIL ALLE MEDLEMMAR. Elektronisk medlemsregister kjem no.

[LES MEIR]


Årsmøte i Nissedal Idrettsråd

Idrettsrådet er ei samarbeidssamanslutning av kommunens representant og alle sports- og idrettslag i kommunen.

[LES MEIR]


Æresprisen til Arne Roar Rygh

Treungen Idrettslags høgaste utmerking, æresprisen, blei delt ut under idrettsfesten på ungdomshuset torsdag 29. november. Ein fullsett sal ga Arne Roar rygh ståande applaus då han blei annonsert som vinnar. Årets Eldsjel gjekk til Unni Løken, og alle fotballspelarane fekk sine velfortente pokalar. Sjå galleri frå festen HER

[LES MEIR]


Medlemskontingenten aukar

Årsmøtet bestemte i februar 2014 at medlemskontingenten må auke frå 2015 til 500,- for familie og 200,- for enkeltmedlem. Kan hende synast nokon dette er mykje? I så fall, vit dette:

[LES MEIR]


Presseomtale

Vest-Telemark Blad har laga ei dobbelside om Treungen IL.

[LES MEIR]


Reportasje om treningsrevolusjonen

Telemarksavisa har skrive om Treungen IL si gode utvikling i det siste. Reportasjen kan du lese HER

[LES MEIR]


Årsmelding 2012 og nytt styre

Her er årsmeldinga til Treungen IL for 2012, som syner aktivitetar, økonomi og målsetningar, samt styresamansetning for 2013.

[LES MEIR]


Rekneskap 2010

Treungen Idrettslag har sunn, tilfredsstillande økonomi. Her er rekneskapen for 2010, nøkkeltala, avrunda summar. Årsaka til driftsresultat på minus nokon og tredvetusen er eingongsinnkjøp av utstyr til nye aktivitetar.

[LES MEIR]


Årsmelding for 2010

Det har vore årsmøte i Treungen Idrettslag, og årsmeldinga vitnar om eit aktivt og vellukka år.

[LES MEIR]


Årsmøtet for 2010

Her er årsmøteprotokollen for 2010, som blei vedtatt 19. januar. Det er vald nytt hovudstyre, og nye styre for fotball og ski.

[LES MEIR]


Årsmelding Treungen IL for 2011

Her er årsmeldinga til styret i Treungen IL for 2011.

[LES MEIR]


Skjema for deltakar-registrering, gruppe

Bruk dette når du som gruppeleiar registrerer deltakarar. Dette vil betre kontrollen med avgift og kontingent, og særleg til idrettstellinga ved årsslutt. Fyll inn etterkvart som deltakarar begynner, og samanlikne med innbetalingsoversikt som kasserer legg ut av og til. Spør deltakarane når det ser ut til at betaling ikkje skjer, og del ut giroar. Til sist må gruppeleiar nekte adgang fram til betaling har skjedd. Det KAN vere feil i systemet, til dømes innbetaling på anna familiemedlem, men til slutt må deltakar dokumentere innbetaling, om ikkje anna er registrert.

[LES MEIR]
[LAST NED DOKUMENT]


Skjema for idrettstelling

Dette skjemaet fyller du ut og gir til styreleiar etter utgangen av kalenderåret. Enkelt og raskt å fylle ut, dersom du har brukt det andre deltakarskjemaet i løpet av året. Det er viktig å få med alle namn, for kvart namn er verdt pengar til idrettslaget.

[LES MEIR]
[LAST NED DOKUMENT]


Idrettslag/ kommunen - planar for idrett

Styreleiar Helge har vore på ein svært interessant og lærerik konferanse i Langesund. Her er eit referat:

[LES MEIR]


Referat frå årsmøtet 19. febr 2012

Det nye styret i Treungen IL er: Susanne Halland, Mona Mevik, Olav G. Tveit (1 år), Unni Løken, Olav Nilsen, Unni Britt Hansen, Vegard Sundsli, Knut Oddvar Nes, Helge Reinholt (2 år). Her er referatet frå årsmøtesakene årsmøtet på Tjørullkroa 19. februar 2012.

[LES MEIR]


Vellukka Nissedalsmarken 6. august

Nissedalsmarken blei også i år vellukka på fleire måtar for idrettslaget. Stor takk til alle som bidrog med dugnadsinnsats! Gå til galleriet og sjå 63 bilete frå marken - kanhende er du med?

[LES MEIR]


Bilkøyring på idrettsbanen att!

På nytt har nokon køyrd villmann på idrettsanlegget i Treungen. Forholdet vil bli politianmeldt.Dette har truleg skjedd laurdag kveld/ natt til sundag. Bilkøyringa er ikkje gjort på graset, som sist (biletet), men

[LES MEIR]


Auka medlemstal og auka aktivitet i 2011

Treungen IL fekk fleire betalande medlemmar i 2011, og auken i aktivitet heldt fram. 589 personeiningar dreiv med aktiv idrett! Arbeidet for betre folkehelse og trivsel i idrett og friluftsliv går rette vegen - her er nøkkeltala fordelt på dei ulike gruppene:

[LES MEIR]


Organisasjonsnummer

Treungen IL sitt organiasjonsnummer er 975 426 513

[LES MEIR]


Kva skjer?

Her takkar leiar i Trenissen 4H, Unni Britt Hansen, leiar i Treungen IL, Helge Reinholt, for godt samarbeid om gapahuken. Biletet er tatt under dugnaden i haust då veggane blei snekra på og området rydda.