|
|
TIL UTSTLLARAR PÅ NISSEDALSMARKEN 3. AUGUST 2013 Arrangementskomiteen for Nissedalsmarken vil med dette på nytt få invitere til marknad i Treungen sentrum. Noregs Friidrettsforbunds motbakkecup er i gang, og det andre løpet går i Treungen 1. juni - Skuggenatten Opp! Her kan du løpe saman med, eller heie fram, landets beste motbakkeløparar. Det er klart for ny FOLKEFEST I HEIA - les alt om løpet, og påmelding, HER HAR DU HISTORISK STOFF om Treungen IL? Bilete, minner, soger, resultat? Alt er av interesse! Vi driv og skriv soga til idrettslaget, det nærmar seg slutten, og dei som har noko MÅ levere no! Ta kontakt med Margit Johansen på 9115 3742, eller e-post gunank@online.no Takk! Løp på sykkel eller til fots på jernbanelina, mosjonist og konkurranse. Det er 100-årsjubileum for Treungenbanen i år, og dette er ein av fleire markeringar Treungen IL har på denne flotte strekninga. Tidspunkt er ikkje avklart enno. Onsdagar kl 18 og sundagar kl 10 blir det trening i sykkelgruppa. Alle er velkomne. Ta kontakt med Asgeir Solberg dersom spørsmål om nivå, utstyr m.m. Han har telefon-nummer 9522 1317, e-post asgeirsolberg@gmail.com. I vår startar arbeidet med å rydde stien frå Smeitkollen/Skavansgrova til Røyrodden. Telemarks nye, ultravakre, fullmerka kulturhistoriske terrengultra med eksklusiv premiering blir arrangert 7. september 2013 kl 09.00. • Reklamefilmen for løpet HER. Her er kortversjonen - les elles "Hovudinfo". Treningstider Fleirbrukshuset 2012/13 Her er oversikt over Treungen IL sine aktivitetar i Fleirbrukshuset hausten/vinteren 2012/2013. Treungen Idrettslag er arrangøren bak Nissedalsmarken kvart år. Det har vore rekordbesøk dei siste par åra, og laurdag 3. august brakar det laus att, med trylleshow, tivoli, auksjon, handelsboder, underhaldning og meir til! Harald Valle er konfransier. Følg med for fleire oppdateringar etterkvart. Er du med på aktivitet i Treungen IL? Då må du også vere betalande medlem i eit av kommunens idrettslag, og betale avgift på nokre av aktivitetene. NB: HALV PRIS på instruktøraktivitet nr to. (Prisinfo gjeld ikkje fotball. Treningsavgift her vil fotballgruppa informere om i samband med sesongen.) Her er betalingsinfo: Instruktør Unni ønskjer velkommen til morosam, rytmisk og treningseffektiv trening/dansing i hallen i Fleirbrukshuset (Hægefjell) tirsdag kl 19, torsdag kl 18.30. Drop in. Følg også med på Facebook - av og til er det endringar pga andre arrangement. Treningsavgift er den same som på spinning, corebar og trimboksing. Vel møtt! 10. juni, etter to års dugnadsarbeid av Treungen IL med støtte frå Nissedal kommune og Telemark Fylkeskommune, opna kulturstinettverket i Røyråsen og Norkåsen. Det er fleire som går toppturar i Treungen enn før. Betre merka stiar og fokus på eiga helse får folk ut på tur. Handlingsplan for Treungen IL 2012 + + Her er handlingsplanen for Treungen IL som blei vedtatt på årsmøtet 19. februar 2012. Jørgen arrangerte 10.juni 3,6 km tempoløp på den gamle jernbanelina frå Haulerhyl til Tjørullkroa. 11 deltok, og nokre fleire valde "turklassa". Klikk HER for resultat og omtale og opplegget vidare - følg Sykkelgruppas Facebookside! Margit Johansen held på med eit veldig arbeid for tida - å plukke ut, samle og gje eit tverrsnitt av Treungen Idrettslag si over 100 år gamle historie. Vi veit ikkje når dette blir ferdig, det vil ta ei god stund. Det er enormt mykje stoff, men Margit vil gjerne ha kontakt med folk som sit på bilete og historiar, eigne, artige opplevingar - alt mogleg. Ta kontakt med Margit i så fall - ho har telefon 9115 3742, og e-post gunank@online.no Bli med på spinning i det nye året! Både "gamle" og nye spinnarar er hjarteleg velkomne. Gratis prøvetime med god instruksjon. Ikkje lev i den trua at du ikkje kan delta fordi "alle" dei andre er blitt så spreke. Spinning er for alle - deg også. Treungen Idrettslags høgaste utmerking, æresprisen, blei delt ut under idrettsfesten på ungdomshuset torsdag 29. november. Ein fullsett sal ga Arne Roar rygh ståande applaus då han blei annonsert som vinnar. Årets Eldsjel gjekk til Unni Løken, og alle fotballspelarane fekk sine velfortente pokalar. Sjå galleri frå festen HER Gå den flotte turen til Nokkebu eller Skuggenatten, ta med vener og familie, få eit merke med Den dansande mannen på, dermed er du med i trekning av premiar, og skap stemning i løypa når løparane kjem forbi! Klarer du begge toppane mellom kl 12 og 16 har du to lodd i trekninga! Dersom du ønskjer å kjøpe klubbtrøyer eller SkiPeg, ta kontakt med Helge Reinholt, 9717 7014. Stort utval i trøyer for vaksne og ungdom, prøvesett for bestilling til born i fleire storleikar! Her er årsmeldinga til Treungen IL for 2012, som syner aktivitetar, økonomi og målsetningar, samt styresamansetning for 2013. Treungen Idrettslag har om lag 25 ulike aktivitetsgrupper med smått og stort. Her er kontaktinfo til styret og alle gruppeleiarane. Er det noko du lurar på, så ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er glade for nye medlemmar, uansett form og erfaring! Vi ber deg som tippar om å registrer din grasrotandel til Treungen IL. Mykje pengar å hente for idrettslaget. Prøv å hugse det neste gang du står og skal levere kupongane. På førehand tusen takk! Åtte lag, to tørdalslag i semifinalane, men det var treungar og nissedølar i finalen i Nissedalsmeisterskapen 2011, som gjekk av stabelen i Fleirbrukshallen tredje joledag. (Biletet: Kim Rune Lomheim og toppskårar Gunnar G. Tveit i duell under innebandyfinalen.) Sjå fleire bilete nederst i saka, og sjå endå fleire bilete i galleriet! Her er reglane for kven som kan vere med på dei ulike aldersbestemte laga. (Kjelde: Telemark Fotballkrets) Alle som arbeider med mindreårige i idretslaget - også friviljuge - må ha vandelsattest. Det er fort gjort, men må gjerast snarast. Reportasje om treningsrevolusjonen Telemarksavisa har skrive om Treungen IL si gode utvikling i det siste. Reportasjen kan du lese HER Vi treng folk til komiteen for Nissedalsmarken. Nissedalsmarken kan skaffe idrettslaget halvparten av årsinntektene i løpet av ein dag! Jo fleire folk, jo betre, og jo fleire, jo mindre arbeid! Bilete frå skikarusellen på Fjone 3/3-12 Simonas Fotostudio har levert nokre fine bilete frå skikarusellen på Fjone til oss. Dei ser du HER. Takk, Simona! (Bileta kan også sjåast på Facebook med kommentarar, men i mindre oppløsning.) Trimboksing er moro, utfordrande og variert, og alt går i ditt eige tempo. Trimboksinga, som går føre seg på onsdagar kl 18.00 til 19.30, ynskjer fleire deltakarar. NB: Nybegynnarar heilt utan erfaring og trening er også velkomne! Det er heilt fint å kome inn som ny når som helst i løpet av året! Her får du info om volleyballtilbudet for ungdom, damer og menn. Her er info og treningstider for innebandy - både for born og vaksne. Skitrenar Arne Roar inviterte til smørekurs og skiprat på klubbhuset. Det blei mykje nyttig info! Folk kan gjere fleire ting meir rett ved enkle hugsereglar. Sjå galleriet med kommentarar for eit minikurs, og innblikk i skikvelden vår, HER |
Kva skjer?01/06-2013:KLART FOR SKUGGENATTEN OPP 2013 03/08-2013: Nissedalsmarken 2013 for små og store 03/08-2013: Vil du ha stand på Nissedalsmarken? 07/09-2013: Telemarks Tøffaste - meir enn ultraløp! 07/09-2013: Telemarks Tøffaste Turklasse!
|
||||||