Vis strre kart

Stttesponsorar:


Praktisk info konkurranseklassa 2017

Dette må ALLE i konkurranseklassa lese.
Fellesstart alle klasser klokka 13.00. Sperrefrist målpassering i konkurranseklassen kl.14.15. Det betyr at målpassering etter sperrefrist ikjke blir registrert på resultatlista.

Klasseinndeling:
12-13, 14-15, 16-17, 18-19, 20-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69,70-74, 75-79, 80+

Frist online p?melding er kl.18.00 fredag 26.mai. Frist etteranmelding ein time f?r start. Etteranmeldingsgebyr kr. 100,-.

Laurdag 09 - 12 før du tildelt pose med elektronisk brikke som skal festast p? foten, startnummer m.m. Dette skjer utafor inngangen til klubbhuset, i gult telt.

Brikka SKAL leverast til rette vedkomande rett etter målgang på toppen! Mista brikke må du erstatte med kr. 500,-.

PREMIERING MOTBAKKELØPET, sjå "premiering".

NB: Premieutdeling og trekning av premiar ca kl 16.00. Uavhenta premiar blir ikkje tilsendt. Du må altså vere til stades.

Resultat, bilete og video blir publisert på denne sida ikkje lenge etter løpet.

Sjå elles løypas profil og biletekart over løypa. Klikk på knappen "Løypetrase" til venstre.


PARKERING
Parkering/ startområde rett etter avkjørsel frå rv 41 (1 km sør for sentrum (brua) retning åmli, følg skilt), der du blir vist vidare langs fotballbanen bort til grusbanen. All parkering er i dette området. Parkeringsavgift kr 30,-.

SEKRETARIAT
I klubbhuset i startområdet.

GARDEROBE/ TOALETT I KLUBBHUSET BARE FOR KONKURRANSEKLASSA.
Tilgang til herre- og damegarderobe med dusj og toalett, i klubbhuset. Vi har fire dusjar per garderobe. Det er elles fint å bade i innsjøen rett over riksvegen.

MAT OG DRIKKE
Mat og drikke er til sals heile dagen ved klubbhuset.

Konkurranseklassa: Vatn og frukt til alle etter målgang.

FYRSTEHJELP/ BEREDSKAP, NISSEDAL RØDE KORS
Fyrstehjelp og hjartestartar finnast i løypa: I startområdet, ved 2 km og i målområdet. Fyrstehjelpsberedskap på ulike punkt i løypa, og lege i målområdet. Ambulanse og helikopter står i startområdet.

NB: Dette er eit løp som går ute i naturen - med dei farer og utfordringar som der finnast til vanleg. Fleire stader går løypa bare få meter frå bratte, høge stup. Vakkert, men farleg dersom ein ikkje held seg til merka løype. Sjølv om vi har god beredskap, skilting, merking og fokus på tryggleik, må du ta godt vare på deg sjølv. Du skal følgje dei instruksjonane og råd som blir gitt, og du er plikta til å lese den informasjonen om arrangementet som finnast. Du er med på turen på eige ansvar. Treungen IL fraskriver seg med dette ansvaret for di helse. Vi ber føresette til deltakarar under 18 om å ta ansvar og oppfordre til varsemd, og passe på under og etter løpet.

OVERNATTINGSMULEGHEITER
Nærast idrettsanlegget finn du Treungen Hytteutleige med nye hytter (resepsjon i Best-butikken), Saga Camping like ved brua i sentrum (retning Fjone, 200 m), som også har små hytter. I sentrum ligg Treungen Gjestgiveri med nokre få, enkle rom. 15 km unna finn du Gautefall, som har hundrevis av sengeplasser (Gautefall Booking). Det finnast mange fleire både hytter, rom og campingplassar i bygda - klikk HER.


Sj film fr 2015!

HOVUDSPONSOR:

Samarbeidspartnar:


Sponsorar: