Vis stÝrre kart

StÝttesponsorar:


Bare Weng på pallen og fleire rekordar i Skuggenatten Opp

Heidi Weng sette ny l√łyperekord dei 4,3 kilometrane og 456 h√łgdemetrane i motbakkel√łpet Skuggenatten Opp, med tida 26,37. Tomas Bereket vann herreklassa p√• 22.53. Ny deltakarrekord i konkurranseklassa, 187 startande, ny rekord i trimklassa, 250 personar som gjekk til topps og forsvarte slagordet til arrangementet: ¬īFolkefest i heia¬™. Og til neste √•r g√•r det fyrste NM i motbakkel√łp p√• Austlandet i Treungen. For fleire bilete (og mange fleire etterkvart): Sj√• facebooksida til Treungen Idrettslag.
Eit fantastisk ver, god stemning og n√łgde deltakarar gjorde det femte Skuggenatten Opp til ein verkeleg folkefest. Alle √•rsklassar hadde pall-premiering med pokalar, og det blei delt ut 22.000 kroner i pengepremiar, i tillegg til trekningsgevinstar. -Spesielt imponerande med alle dei fantastisk gode tidene som s√• mange klarer, seier arrangementsleiar Olav Nilsen. Jenter og gutar fr√• 12 √•r til over 70 √•r imponerte med tider mange andre bare kan dr√łyme om. Motbakkespesialisten Torstein Tengsareid fr√• Egersund IK sette ny pers p√• 23.30, og hadde vunne i fjor med denne tida. Halvor Dags√łnn Landsverk fr√• IF √Ņrn tok tredjeplassen med 25.39.
Det som er artig er at damepallen blei totalt tapetsert av familien Weng - med mor May Bente p√• tredje, Merete Weng p√• andre, og olympisk meister, verdsmeister og Dronninga av Skuggenatten, Heidi Weng alts√• p√• fyrste. Elles var det fleire gode lokale resultat, med 51-√•ringen Torstein Tarraldsen som vann 50-54-√•rsklassa p√• 30.08, og Asgeir Solberg, ogs√• fr√• Treungen IL, blei fyrste nissed√łl under halvtimen, med ekstra premiering p√• det.
Om lag 50 personar i Treungen IL har st√•tt p√• med eit utal dugnadstimar, og √•rets arrangement blei det mest straumlinjeforma, og vellukka p√• alle m√•tar. Ordf√łrar Halvor Homme rosa idrettslaget, idrettsgleda, resultata og arrangementet d√• han avslutta √•rets motbakkel√łp, som er det st√łrste p√• S√łr-Austlandet. Og ingen er i tvil om at det blir end√• st√łrre til neste √•r, med offisielt NM.
Trimklassa blei prioritert i √•r. -Trimklassa er fundamentet i eit kvart motbakkearrangement, seier styreleiar i Treungen IL, Helge Reinholt. I √•r fekk alle startnummer, medalje p√• toppen, og var med p√• trekning av mange flotte premiar. Det vesle idrettslaget med dei store arrangementa rettar ogs√• ein takk til Nissedal R√łde Kors, som alltid stiller opp og gjer ting tryggare, og til sponsorane, som gjer eit slikt arrangement mogleg.
På www.skuggenattenopp.no ligg snart alle resultat, og etter kvart blir det publisert eit stort bilete- og filmmateriale på nettet og Facebook.


SjŚ film frŚ 2015!

HOVUDSPONSOR:

Samarbeidspartnar:


Sponsorar: