Vis strre kart

Stttesponsorar:


Trimklasse-info

Trimklassa er fundamentet i eitkvart motbakkearrangement. Vi blir glade for å sjå så mange folk som tar turen til topps. Startnummeret er lodd i trekking av mange fine premiar.

Skal startnummeret ha verdi som lodd i trekkinga må du registrere deg på toppen innan kl.13.00 og vere tilstades under premieutdelinga kl.15.30. (Du må vere tilstades for å få premien.) Du kjøper startnummeret utafor klubbhuset frå kl 09. (Kr. 100,- per person)

Gå turen til toppen av Skuggenatten og bli med på folkefesten i heia laurdag 4. juni!

Her får du info om alt du treng, du som skal gå turen, delta på "folkefesten i heia" og aller viktigast: Oppleve (T)OPPturen!

INFO TRIMKLASSE(TURKLASSE):

* Påmelding ved start kl.09.00 - 11.30
* Startavgift kr. 100,- pr. deltakar

* Trimklasse får utdelt startnummer. Ingen tidtaking.

* Startnummeret er lodd i trekning av premiar.


* NB! Ta med mat og nok eigen drikke! Mat- og drikkestasjonar i løypetraseen er bare til konkurranseklassa.

* Vennligst ta omsyn til konkurranseløparane i løypetraseen mellom kl 13 og 14.


Sal av mat og drikke i startområdet heile dagen.

NB: Dette er ein tur som går ute i naturen - med dei farer og utfordringar som der finnast til vanleg. Sjølv om vi har god beredskap, skilting, merking og fokus på tryggleik, må du ta godt vare på deg sjølv. Du skal følgje dei instruksjonane og råd som blir gitt, og du er plikta til å lese den informasjonen om arrangementet som finnast. Du er med på turen, både løpet og turklassa, på eige ansvar. Treungen IL fraskriver seg med dette ansvaret for di helse. Vi ber føresette til deltakarar under 18 om å ta ansvar og oppfordre til varsemd, og passe på under og etter løpet.

...Og du? Kvifor ikkje delta i konkurranseklassa? Den er open for alle, og det er mange som er "trimmarar" der! Så kan du stå på startstreken saman med VM- og OL-meistarar!


Sj film fr 2015!

HOVUDSPONSOR:

Samarbeidspartnar:


Sponsorar: