- Resultat Skuggenatten Opp 2014
- Bare Weng på pallen og fleire rekordar i Skuggenatten Opp
- FAKTA, VINNARAR OG STATISTIKK SKUGGENATTEN OPP 2010-2017
- Resultat Skuggenatten Opp 2015 - totalt
- Resultat Skuggenatten Opp 2015 - klassevis
- Resultat Skuggenatten Opp 2012
- Resultat Skuggenatten Opp 2013
- Resultat Skuggenatten Opp 2010
- Skuggenatten Opp 2011 i bilete - minutt for minutt
- Resultat Skuggenatten Opp 2011
- Nissedalsmeisterane i motbakkeløp 2011



Vis strre kart

Stttesponsorar:


Resultat Skuggenatten Opp 2014

187 startande er ny rekord i det femte Skuggenatten Opp. Med 250 i trimklassa, også ny rekord, og 20 fra arrangørane, var det altså over 450 personar på Skuggenatten (706 moh) denne dagen. Her kjem resultata. Først hovudlista samla totalt for kvinner og menn. Klassevis finn du lenger ned.

[LES MEIR]


Bare Weng på pallen og fleire rekordar i Skuggenatten Opp

Heidi Weng sette ny løyperekord dei 4,3 kilometrane og 456 høgdemetrane i motbakkeløpet Skuggenatten Opp, med tida 26,37. Tomas Bereket vann herreklassa på 22.53. Ny deltakarrekord i konkurranseklassa, 187 startande, ny rekord i trimklassa, 250 personar som gjekk til topps og forsvarte slagordet til arrangementet: ´Folkefest i heiaª. Og til neste år går det fyrste NM i motbakkeløp på Austlandet i Treungen. For fleire bilete (og mange fleire etterkvart): Sjå facebooksida til Treungen Idrettslag.

[LES MEIR]


FAKTA, VINNARAR OG STATISTIKK SKUGGENATTEN OPP 2010-2017

Arrangert første gong: 2010
Løypelengde: 4,3 km
Høgdemeter stigning: 456
Løypeunderlag: Ca 65 % svaberg, 20 % skogssti, 15 % grusveg
Start ved 250 moh, mål ved 706 moh
Arrangør: Treungen Idrettslag

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2015 - totalt

Her er kvinner og menn totalt. Klassevis: Anna sak. (Dette er ikkje NM-lista, fordi ikkje alle i motbakkeløpet er med i Noregsmeisterskapen. Rein NM-liste kjem etterkvert.).

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2015 - klassevis

Så mange fantastiske resultat! Vi gratulerer kvar og ein med innsatsen, og satsar på strålande sol neste år - vel møtt til Skuggenatten Opp 2016 - omtrent på denne tida. Hugs å bli medlem av Skuggenatten Opp-gruppa på Facebook - det er der alle bileta vil bli publisert.

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2012

Tida 22.18 frå idrettsbanen i Treungen og opp til Skuggenatten Opp er heilt utruleg på 4,3 km med 456 høgdemeter, og er kanhende ein rekord som vil stå til evig tid. Tomas Bereket feide all tvil til side. Det gjorde også May Britt Buer, som knuste Brita Mustad sin rekord. Ho sprang på 27.33. Her kjem alle resultata - klassevis nederst.

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2013

Resultat Skuggenatten Opp 2013
Tre beste damer:
1.Heidi Weng, IL BUL, 27:19 - ny løyperekord
2 Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular, 28:14
3 Merete Weng, IL BUL, 29:52

Tre beste menn:
1 Tomas Bereket, Sportsklubben Vidar, 24:07
2 Torstein Tengsareid, Egersund IK Friidrett, 24:15
3 Johan Bugge, Eidsvåg IL, 24:40

Vi synast det er spesielt hyggeleg med så stor deltaking i ungdomsklassene. Mange imponerande resultat!

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2010

Suksess for det fyrste arrangementet!

Om lag 100 turgåarar sto på toppen og heia fram dei om lag 70 deltakarane i Skuggenatten Opp 5. juni 2010. Det var strålande sol, godt nøgde deltakarar og eit vellukka arrangement. Arrangementsleiar Olav Nilsen lover nytt arrangement på same tid i 2010! Jann Olav Tjønneland og Brita Cecilie Mustad frå Norcem BIL blei kvar 5.000 kroner rikare etter å vunne herre- og dameklasse. Her er resultatlista:

[LES MEIR]


Skuggenatten Opp 2011 i bilete - minutt for minutt

I galleriet finn du 142 bilete frå Skuggenatten Opp 2011, med navn på mange av folka, og kommentarar på mange av bileta. Klikk på høgre side av biletet for neste, venstre side for tilbake. Kanhende finn du deg sjølv? Klikk HER

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2011

Nye rekordar i Skuggenatten Opp 2011
Thomas Bereket frå Larvik sette ein fantastisk rekord med 24.04 (stakk av med alle pengepremiane i herreklassa, vinnar, rekord og spurt), og Brita Cecilie Mustad (fjorårsvinnar) blei fyrste kvinne under 30 minutt. 110 løparar og 160 deltakarar i turklassa, flott ver og alt teknisk gjekk greit, så arrangementet er absolutt vellukka! Utruleg spennande med så mange ungdomar som løper på så gode tider. Nissedalsmeisterar blei ÿystein Leirvik og Tori Tveit. Dette er eit verdifullt bidrag til folkehelsa, for no er det endå fleire som skal trene til neste år! Takk til alle som deltok, og stor takk til dugnadsgjengen i Treungen Idrettslag. Følg med på denne sida for mange bilete og video etterkvart! Her kjem resultatlista for Skuggenatten Opp 2011:

[LES MEIR]


Nissedalsmeisterane i motbakkeløp 2011

Skuggenatten Opp-løpet er også Nissedalsmeisterskapen i motbakkeløp, for medlemmer i eit av idrettslaga i kommunen. Lokale meisterar i 2011 totalt blei Tori Tveit (38,54) og ÿystein Leirvik (32,18) (biletet). I 2012 blir det utmerking til vinnarane i alle aldersklasser i Nissedalsmeisterskapen! Her er Nissedalsmeisterane 2011:

[LES MEIR]



Sj film fr 2015!

HOVUDSPONSOR:

Samarbeidspartnar:


Sponsorar: